Karin Sveen får Språkprisen for 2007

(15.11.07) Forfattar Karin Sveen vert i dag tildelt Norsk språkpris for 2007. Prisen er på 50 000 kroner og vert delt ut av Språkrådet under konferansen Språkdagen 2007.

Denne artikkelen er frå før 2013. Innhald og rettskriving kan vere forelda.

Konferansen er på Vika kino i Oslo og prisen vert delt ut klokka 12.45.

Juryen skriv i grunngjevinga for tildelinga:

«Norsk språkpris vert gitt til ein person eller institusjon som har merkt seg ut med framifrå bruk av norsk i sakprosa. Prisen for 2007 går til ein forfattar som skriv ypparlege sakprosatekstar med språkleg spenst og presisjon. Karin Sveen har ein stor produksjon både som essayist og som skribent, bokmeldar og spaltist i fleire aviser, og sakprosaen hennar er framifrå. Både i dei korte og dei lengre formata maktar ho å uttrykkje kompliserte tankar og teoriar presist og velformulert.

Frokost med fremmede (2005) er den tredje essaysamlinga hennar sidan 1997, og saman med Klassereise frå 2000 er essaysamlingane klare høgdepunkt i forfattarskapen.

Den siste sakprosaboka til Sveen har undertittelen «Ei bok om tilhørighet» og blei til under eit studieopphald i California. Sveens refleksjonar omkring tilhøyrsle er skrivne mot eit samfunnsmessig – og personleg – bakteppe prega av mobilitet, oppbrot og forandring. Dermed skriv ho seg også inn i sentrale problemstillingar knytte til det moderne samfunnet. Gjennom studieopphaldet i USA viser det velkjende norske seg i nye former.

Som essayist merkjer Karin Sveen seg ut som ein svært språkmedviten forfattar. Dette kjem til syne både i refleksjonar kring språk, identitet og litteratur – og gjennom eigen språkleg praksis der arven frå hedmarksdialekten ligg i botnen.

Essaya hennar sameinar i sjeldan grad personlege erfaringar med teoretiske innsikter, utan at teorien får dominere. Fagtermar vert ikkje definerte på tradisjonelt vis, men er skrivne inn i og viste fram gjennom  personlege erfaringar. Slik får teoretiske omgrep og innsikter meining utan å verke framandgjerande.

Karin Sveen er bokmeldar og spaltist i mellom anna Klassekampen og i Dag og Tid. Her viser ho at ein god skrivar gjerne også er ein god lesar. Ho meistrar på framifrå vis det knappe formatet som avisene gjev – i begge dei to norske målformene.

Den essayistiske forfattarskapen til Sveen er prega av glede over lesing og kunnskap og peikar mot ei danningsreise der målet med utdanning er å kunne delta i dei store samtalene i samfunnet. Essayet skal reflektere og skape undring, sa forfattaren i eit intervju då boka kom ut – det skal verken vere sleggje eller teskei. Dette er ein treffande karakteristikk av Sveens eigne essay. Med si reflekterte og undrande holdning set ho lesarens tankar i rørsle, stadig overraskande, utfordrande, stimulerande. Norsk språkpris 2007 går til ein av vår tids mest sentrale norske essayistar.»

Kontaktpersonar:

Ove Eide, juryleiar, tlf. 415 30 633
Svein Arne Orvik, informasjonssjef i Språkrådet, tlf. 938 06 923

 

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:15.11.2007 | Oppdatert:19.11.2021