Grunnlov, konstitusjon

No image

I Noreg er nasjonaldagen 17. mai ein grunnlovsdag, sidan vi denne dagen feirar Kongeriket Noregs grunnlov (opphavleg Kongeriget Norges Grundlov) frå 1814. 

Nynorskordboka forklarer grunnlov som 'lov som fastset riksskipnaden i eit land'. Riksskipnad er det same som statsskipnadstatsforfatning eller konstitusjon. Men ordet konstitusjon har både denne vide tydinga (’riksskipnad’) og den trongare tydinga ’grunnlov’. Det er ikkje alltid godt å vite kva som er meint, heller ikkje der ordet er nytta i sjølve Grunnlova.

Konstitusjon heitte constitutio i klassisk latin og vart bruka både om sjølve statsskipnaden og om einskilde ordningar, føresegner og påbod. Ordet er ei avleiing av verbet constituere, som kjem av statuere ‘setje opp, få til å stå’, jamfør vårt fastsetje.

Grunnlova står over dei vanlege lovene, og det skal meir til for å endre henne (to tredjedels fleirtal). Ho ligg dessutan under lovene, som eit grunnlag. Ja, ordet grunnlov er så å seie same ordet som grunnlag. På gamalnorsk heitte lov nemleg lǫg, som er fleirtal av lag. Det heng saman med verbet leggje om lag slik konstitusjon heng saman med å setje. Ei lov er opphavleg noko som er (fast)lagt.

V-en i lov har vi frå dansk. På svensk heiter det lag. I eldre nynorsktekstar finn vi forma log, og vi har teke opp att eller halde på g-en i ein del samansetjingar, som lagmann.

I 1814 heitte det Grundlov med -nd-, for skriftspråket i landet var den gongen dansk. To hundre år seinare kom den norske skrivemåten med dobbel n på plass i Grunnlova, då Stortinget vedtok ei modernisering av grunnlovsteksten til både bokmål og nynorsk.

 

PS: Hugs at 17. mai skal skrivast med punktum og liten bokstav. I samansetjingar bruker vi bindestrek, slik: 17. mai-sløyfe, 17. mai-tog.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:15.05.2020 | Oppdatert:16.05.2022