Godt klima for språk

No image

– Klimaet er eit usynleg fenomen, i motsetnad til vêret, som vi kan sjå og nærmast kjenne på. Språket er difor særskilt viktig når ein formidlar klimafaget, seier professor Kjersti Fløttum.

AV OLE VÅGE

Fløttum er språkvitar ved Universitetet i Bergen og leiar av forskingsprosjektet LINGCLIM, der ho saman med andre språkvitarar og natur- og samfunnsvitarar har sett på språkbruk i klimadebatten. Forskarane har snakka med skuleelevar, samanlikna stortingsmeldingar og analysert bloggar for å forstå korleis vi oppfattar og snakkar om klima.

Retorikk

Klimaet er eit samansett fenomen, med innfløkte samanhengar mellom havstraumar, sollys og gassar som avgjer vilkåra for alt liv på jorda vår. Det handlar altså om mykje meir enn ruskevêr og varme dagar. Samstundes er mange interessentar involverte i eit av dei mest debatterte faga i samfunnet – både i og utanfor akademia. Det gjer noko med språket og korleis faget vert formidla.

– Fagfolk nyttar ofte ord frå daglegtalen i ei mykje meir presis tyding. Eit døme på det er omgrepet sannsynleg. FNs klimapanel har ein fingradert skala om kor sikre og usikre konklusjonane er, frå nærmast sikkert (99–100 %) til usedvanleg usannsynleg (0–1 %). Det kan skape vanskar når andre enn fagfolk skal tolke og forstå avgjerande premissar i faget, seier Fløttum.

Når FNs klimapanel skriv om klima, samanfattar dei den forskingsbaserte kunnskapen på feltet og foreslår tiltak mot klimaendringar. Fløttum og forskarane har sett nærmare på nokre av dei mange klimapolitiske tekstane som er skrivne i Noreg og andre land.

– Det er eit mangfald av røyster og meiningar om klimaet, og det vert spegla i språket vårt. Difor er retorikken viktig, seier ho.

Polyfoni

Forskargruppa har sett på korleis ord som til dømes men, ikkje og sjølv om vert nytta i argumentasjon og retorikk. Når ein seier «klimaendringane er ikkje menneskeskapte», impliserer ordet ikkje at det er nokon som meiner at klimaendringane er menneskeskapte, utan nødvendigvis å seie kven. Slik kan ein føre ein debatt mot nokon som ikkje deltek, ved så å seie å inkorporere og underordne motparten i teksten gjennom einskildord.

Det at fleire røyster er implisitt til stades i teksten, kallar språkforskarane for lingvistisk polyfoni. Slik retorisk språkbruk er ikkje uvanleg i klimatekstar.

– Også andre ord vert nytta retorisk, som verbet fortsetje. Når politikarar seier at «Noreg vil fortsetje å vere leiande i klimaforhandlingane», seier dei implisitt at Noreg allereie er leiande. Språkforskarar kallar slike grep for presupposisjonar, altså underliggjande ytringar som vert sette på som allment aksepterte, forklarer Fløttum.

Klimaord

Ved å studere slike einskildord systematisk andsynes heile tekstar kan ein avdekkje dei språklege mekanismane i klimadebatten. Men fagfeltet er ikkje berre kjenneteikna av skarpt ordskifte og retoriske grep. Ny kunnskap og innsikt på klimafeltet skapar nye språklege behov.

– Det vert laga nye klimaord heile tida, og vi ser eit tydeleg mønster i orddanninga. Det har mellom anna kome til ein heil familie med nyordssamansetjingar som byrjar på klima-, karbon-, miljø- og lågutslepp-.

I dei siste åra har vi fått nye norske ord som klimanøytral, klimasmart, klimaforlik og jamvel klimaordførar. Det same gjeld fossilbil og det grøne skiftet. Samstundes er hovudspråket i klimaforskinga engelsk. Det er problematisk.

– Klimaforskarar formidlar mykje fagstoff til publikum. Då er det viktig med norske fagtermar, påpeikar Fløttum.

Det har ei eiga prosjektgruppe for klimaterminologi byrja å gjere noko med.

Språkvitar Kjersti Fløttum og samfunnsvitar Endre Tvinnereim brukar saman med andre forskarar tverrfaglege metodar i klimaforskinga. | Foto: Hilde Kristin Strand / Universitetet i Bergen

Klimaordliste

Forskarar frå Universitetet i Bergen, Bjerknessenteret for klimaforsking, Noregs handelshøgskule og Miljødirektoratet samarbeider med Språkrådet om å utvikle ei fleirspråkleg klimaordliste som skal vere ferdig om litt under to år.

Ein av deltakarane i prosjektet er Anne Elisabeth Bjune, klimahistorikar ved Universitetet i Bergen og Bjerknessenteret for klimaforsking. Ho er samd med språkprofessoren.

– Eg nyttar engelske ord i forskinga, men vi forskarar er jo forplikta til å formidle fagstoffet til studentar og folk flest. Då treng vi gode, norske fagtermar. Klima er eit veldig samfunnsaktuelt fag, og det syner behovet for norsk fagterminologi. Og så er det jo artig å vere med på å lage ei slik fagordliste, seier Bjune.

Ho bidreg med fagtermar knytt til fortidsklima (paleoklimatologi) i prosjektet. Andre forskarar medverkar med klimaterminologi frå meteorologi, datamodellering, metode, oseanografi og anna, og prosjektet vil etter kvart også ta for seg terminologi frå den meir samfunnsvitskaplege sida av faget. Men det er ikkje enkelt å lage ei klimaordliste.

– Forskarar nyttar engelske fagtermar jamvel når dei snakkar norsk. Det er ikkje openbert kva til dømes proxy, climate proxy og biological proxy skal heite på norsk, så det er nokre av orda vi tek for oss i prosjektet, seier Bjune.

Medan Fløttum er språkvitaren som tek for seg klima, er Bjune klimaforskaren som tek for seg språk. Dei meiner begge at tida er moden for å lage ei klimaordliste. Klimaet er rett og slett for viktig til å la det vere.

 

-- Ole Våge er seniorrådgjevar i Språkrådet.

Norske og engelske fagtermar med korte definisjonar finn du i Språkrådets termwiki.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:03.03.2017 | Oppdatert:27.01.2021