Ordbøker – kva har vi? Definisjonsordbøker for norsk

AV ODDRUN GRØNVIK

Det viktigaste ved orda er dei tydingane dei ber i seg. At folk er opptekne av dette, viser språkspaltene i avisene og språkprogramma i radio og fjernsyn. Likevel finst det få definisjonsordbøker for norsk, og vi har ein stutt tradisjon med eittspråklege ordbøker. Norsk Riksmålsordbok var fullført i 1957. Norsk Ordbok (med undertittel Ordbok over det norske folkemålet og det nynorske skriftmålet) har kome i hefte frå 1950, men har først fått fart på utgjevinga dei siste åra og blir ferdig i 2014. Båe desse er store akademiske dokumentasjonsordbøker i mange band, men elles ulike på mange måtar.

Den første eittspråklege handordboka for ein variant av norsk var Riksmålsordboken (1977), som har arvtakarar i Norsk illustrert Ordbok (1993) og Norsk Ordbok med 1000 illustrasjoner (2005). Ho dekkjer riksmål og moderat bokmål.

Dei første eittspråklege definisjonsordbøkene for dei offisielle normene bokmål og nynorsk kom i 1986. Det var Bokmålsordboka og Nynorskordboka, som raskt etablerte seg som standardverk. Dei er også tilgjengelege gratis på Internett. Ei noko mindre definisjonsordbok for bokmål, også frå 1986, var Cappelens ordbok, no Norsk ordbok (bokmål) (2006). Også ho følgjer offisiell rettskriving.

Det er også kome ei bokmålsordbok for born, Norsk ordbok for grunnskolen(2003). Ho byggjer på Norstedts första svenska ordbok og har hovudvekt på informasjon om tyding. Rettskrivingsinformasjonen er mangelfull. Ei normgjevande ordbok for born bør uansett byggjast opp frå grunnen med norsk tilfang.

Skiljet mellom rettskrivingsordlister og definisjonsordbøker er ikkje heilt kvast. Fleire av rettskrivingsordlistene har utvida spekteret av opplysnings-kategoriar i seinare år. Til og med dei knappaste ordlistene har med nokre stikkord til definisjon (for å skilja homografar, gje motsvar til framandord eller fylla ut forkortingar), og somme har nokre få bruksmerkingar (som (jur.) for «juridisk» etter oppslagsordet kjennelse) eller ordsamband med forklaring (til dømes «finna seg i tola»).

Tre hovudtypar

Vi kan snakka om tre hovudtypar av ordbøker og ordlister med tydingsinformasjon:

1 Ordlister og ordbøker med hovudvekt på rettskriving, men med tilleggsopplysningar

Slike ordlister gjev først og fremst rettskrivingsinformasjon, men i mange av dei er det teke inn fleire tydingsopplysningar i dei nyaste utgåvene. Tilleggs-opplysningane er knappe opplysningar om kva bruksområde ordet høyrer heime på, om tyding eller ordsamband. Definisjonane er oftast eit synonym eller to, som då kan peika mot ulike tydingar. Både utføring og mengd ymsar frå ordliste til ordliste. Allment er ikkje ordlistene og dei minste ordbøkene til skolebruk gode nok som definisjonsordbøker.

Ordlistene er retta inn mot skolens behov, og skolens behov er tydelegvis framleis definert som behov for rettskrivingsinformasjon. Kravet i læreplanen for norsk om at born skal læra seg å bruka ordbøker i femte til sjuande klasse, er ikkje følgt opp med høvelege definisjonsordbøker for aldersgruppa. Det er langt att før norske born har tilgjenge til eit gjennomarbeidd oppslagsverk om sitt eige morsmål — eit norsk motstykke til Petit Larousse eller The Oxford School Dictionary.

For ungdomssteget finst det ingen ting, med mindre ein reknar Norsk ordbok frå Cappelen som ordbok for ungdom. Førebels har stikkordlistene bak i lærebøkene ingen seriøs konkurranse. Her har Språkrådet ei oppgåve som det ikkje er grunn til å somla med.

2 Eittbands definisjonsordbøker

Her reknar vi med Nynorskordboka, Bokmålsordboka, Norsk ordbok (Cappelen) og Norsk Ordbok med 1000 illustrasjoner. Særleg dei to første ordbøkene rettar seg mot vaksne brukarar som har språksystemet på plass i hovudet. Dei høver nok beste for røynde ordbok-rukarar — systemet av forkortingar og kodar kan tyda på det. Norsk ordbok (Cappelen) har klart det enklaste artikkelformatet, men òg mindre informasjon på mange punkt.

Føremålet med desse ordbøkene er å få fram informasjon om tyding somikkje står i rettskrivingsordlistene. Her finst såleis ordhistorie, tydingar med bruksdøme, faste ordsamband og forklaring til ordsambanda.

Nynorskordboka har noko fleire oppslagsord enn dei andre tre. Det heng saman med talemålsdekninga. Målet er å handsama ordtilfanget frå alle målføre likt. Alle ord som er dokumenterte frå tre fylke eller meir, kjem med i Nynorskordboka.

Noka systematisk jamføring av ordtilfanget i desse tre ordbøkene er så vidt eg veit, ikkje gjord. Eg har jamført eit tilfeldig avsnitt på eit par spalter i Bokmålsordboka, Nynorskordboka og Norsk Ordbok med 1000 illustrasjoner (bolken kresen — krigstromme). Nynorskordboka hadde nokre grunnord som ikkje fanst hjå dei andre (orda krese v, kresne f, krete v, krevjar m, kri v). Dei kan vera innhausta på grunn av trefylkesregelen. Norsk Ordbok med 1000 illustrasjoner har også noko fleire framandord enn dei to andre. Alle tre har eit rikt utval samansetningar til førsteleddet krigs-. Mykje er likt, men det er også mange skilnader. Svært mange av orda er definerte, og dei treng definisjon. Det er ikkje opplagt kva krigsforlis er, sjølv om ein kjenner orda krig og forlis frå før.

Det er tydeleg at alle ordbøkene prioriterer definisjonar og bruksdøme. Men i bruksdøme i Bokmålsordboka, Nynorskordboka og Norsk ordbok (Cappelen) er likevel oppslagsordet avstytt til den første bokstaven i ordet, slik som i dette dømet frå Bokmålsordboka:

lemfeldig ... få en l- behandling av dommerne

Norsk Ordbok med 1000 illustrasjoner har fullskrivne døme. Det ser penare ut, og er lettare å lesa.

3 Dokumentasjonsordbøker

Noreg ligg etter grannelanda når det gjeld ordbokverk, men så har vi og ei meir innfløkt språkstode å skildra, med to skriftmål som framleis har mange alternative skrivemåtar, og eit stort spekter av målføre. Til gjengjeld er nynorsken aleine om å rekna talemål som ei like god kjelde som skrift for nytt ordtilfang. Dei store ordbokverka for svensk og dansk har ikkje opplysningar om talemål.

Norsk Riksmålsordbok I—IV (1937–1957) med to tilleggsband (1995) dekkjer skriftmåla riksmål og moderat bokmål frå 1814 til 1995. Ho byggjer på store ekserptsamlingar som no finst ved Universitetet i Oslo. I førsteutgåva dominerer skjønnlitteraturen frå om lag 1870 til 1920. Dei to tilleggsbanda går mykje breiare ut i norsk litteratur, takk vere tilleggsinnsamling i redigeringsperioden.

Desse seks store banda blir no støypte saman til eitt verk, som har fått namnet Det Norske Akademis store ordbok. Verket blir utvida så mykje som det er tid og økonomi til, for den nye ordboka skal vera fullførd til grunnlovsjubileet i 2014. Det er usikkert kor omfattande ordboka blir, men ho blir i alle fall ikkje mindre enn utgangspunktet. Det er bygd opp eit korpus som støtte for utvidinga.

Norsk Ordbok. Ordbok over det norske folkemålet og det nynorske skriftmålet (NO 2014) har seks band ute. Også Norsk Ordbok skal verta ferdig til 2014 og vart med det målet for auga omorganisert for nokre år sidan. Verket kjem til å bli på tolv band med 800 sider per band og kjem til å ha om lag 300 000 ordartiklar når det er fullført. Norsk Ordbok dekkjer perioden frå 1600 til i dag, og både skrift og målføre frå heile landet. Det er såleis eit svært ambisiøst prosjekt. Ordbøkene til Ivar Aasen (1813–1896) og Hans Ross (1833–1914) er tekne med til siste detalj. Norsk Ordbok har publisert samlingane sine over nettet, så alle kan sjå korleis tilfanget er utnytta i den redigerte delen av ordboka, og kva som finst i samlingane. Til støtte for redigeringa har Norsk Ordbok også bygd opp eit korpus med nynorsk tekst, som no har om lag 30 millionar ord. Dette ligg også på Internett.

Det dei to ordbokverka har sams, er:

  1. Dei er redigerte på grunnlag av innsamla tilfang som kan nyttast til å etterprøva redigeringa.
  2. Definisjonar kan ha tilvisingar til kjelder.
  3. I tillegg til redaksjonelle bruksdøme er det brukt sitat med tilvisingar til kjelder til å syna tydingar og bruksmåtar.

Verka gjev såleis ein inngang i litteraturen attom definisjonen, og med det til tida og omgjevnadene som kvart ord høyrer heime i.

Båe handsamar ordsamband i tilknyting til einskildord. Norsk Ordbok prøver å gjera dette systematisk ved å gje faste ordlag status som underoppslag i ordartikkelen.

Den store skilnaden mellom dei to ordbokverka ligg i at Norsk Ordbok dekkjer perioden frå 1600 til 1814 og norske målføre frå heile landet fram til i dag. I Norsk Ordbok vil ein finna mange ordartiklar over tidlegare unormert tilfang frå målføra.

Skilnaden gjer mellom anna at Norsk Ordbok treng eit mykje meir omfattande kjeldeapparat enn Norsk Riksmålsordbok, og det er oftare bruk for kjelde til definisjonar.

Dersom ein vil ha fulldekkjande behandling av all nyare norsk, er det to hol som er lette å sjå. Det eine er at norsk mål i dansk skrift mellom 1600 og 1814 ikkje er behandla frå norsk synsstad i noko ordbokverk. Det er synd. Petter Dass er ekserpert, men blir ikkje utnytta! Det andre holet er dekninga av heile spekteret av skriftleg bokmål. Bokmålet med tre kjønn og a-endingar fell no mellom to stolar, og mange viktige vitnemål om utviklinga av moderne norsk kjem dermed ikkje fram. Dermed blir heilskapsbiletet urett. Framtida får syna om noko blir gjort for å fylla desse hola.

Definisjonstypar

Det er ikkje plass til å gå inn på spørsmålet om definisjonstypar og definisjonsteknikk, men ein kan seia mykje ved å visa eit døme. Her har vi verbet ivra frå ei skoleordliste, frå Nynorskordboka, Bokmålsordboka og frå Norsk Ordbok:

skoleordliste
ivre -a – arbeide, stri, streve, agitere

Bokmålsordboka
ivre v1 (fra lty) legge iver for dagen, vise seg ivrig i- for en sak / de i-t etter å komme i gang

Nynorskordboka
ivre v1 (gj da. frå lty iveren) streve med ihuge, leggje iver for dagen, syne seg ivrig i- for noko / i- etter noko / øse, eggje opp i- mot noko

Norsk Ordbok
ivre (í) v -a ...
1 tala for (noko), arbeida el stri sterkt (for noko); syna seg ivrig (1): ivra (sterkt) for noko / Beste-Jo ivra så på at me måtte dyrka opp Flatene (SuldalsmS.Sandv.) / spå meg da ... ivrer nyjinta (Prøys. VII,142).

2 eggja opp (nokon); øsa (Suldal, SoFj ofl A2): kråkeskriket svir og ivrer (Vestab.Rev 55) / / refl: so tok ho på ivra seg på honom (TinnOrdb) / han (reven) ivra seg opp (BygdD 195).

3 refl., røyna seg, streva hardt (Vestf R).

Der skoleordlista gjev motsvar til oppslagsordet i form av ein serie nærsynonym, syner både Nynorskordboka og Bokmålsordboka samanhengen med nærskylde ord og døme på kontekst. Men det er først i Norsk Ordboks langt meir omfangsrike artikkel at definisjonen «tala for (noko)» kjem — og då på førsteplass. Definisjonen spring ut av tilfanget og dekkjer betre enn «agitere». Tyding 3 manglar i dei mindre ordbøkene. Tyding 2 er med i Nynorskordboka, men ikkje i Bokmålsordboka.

Spesialordboker for folk flest

Til sist skal noko seiast om nokre spesialordbøker som språkbrukarar flest kan ha nytte av. Eg tek ikkje med ordbøker for særspråk eller fagspråk, men slike som gjev ein eigen innfallsvinkel til allmennspråket.

Somme ordbøker er oppstått som hjelpebøker for handtering av bokmål mot nynorsk eller omvendt. Men dei kan like gjerne nyttast til å kvessa det språklege uttrykket allment. Den største og viktigaste er Med andre ord. Den store synonymordboka med omsetjing til nynorsk. Boka er ordna alfabetisk med oppslagsord på bokmål og motsvar på nynorsk. Her finn ein også eit svært tilfang av døme på bokmålsvendingar, særleg frå offentleg målbruk, med framlegg til meir lettskjønelege avløysingar.

Ei mindre utgåve til skolebruk er På godt norsk. Her kan ein til dømes slå opp på følelse og få motgift mot klisjear. Og familiens sorte får blir ikkje «den svarte sauen i familien» på nynorsk!

Båe desse ordbøkene har nøkkel — ein illustrasjon som syner korleis ordartikkelen er sett opp. Med andre ord har også ei liste bak i boka over namn på statsinstitusjonar (bokmål og nynorsk) og ei liste over engelske lånord som er behandla i boka.

Det finst også mindre ordlister frå bokmål til nynorsk.

Anten ein snakkar om lånord, importord, nyord eller framandord, så er dette ordgrupper som kallar på leksikografisk spesialbehandling. Det har dei fått, i fleire velrenommerte og nyttige bøker. Fleire av dei har uttaleopplysninger, men dei skjer elles ned på formalopplysningane og held fokus på tyding, opphav og bruk. Opphavsforklaringa kan vera ei avstytting som syner opphavsspråk, medan definisjonen kan gå langt inn i realopplysningar og såleis tevla med leksikon. Nokre gode handbøker av denne typen er nemnde i litteraturlista.

Mange er redde for at norsk språk skal drukna i ein flaum av engelske lånord. Dei som vil sjå nærare på denne ordgruppa, vil ha glede av Anglisismeordboka (1997). Ho har gode definisjonar og kjeldefeste døme. Her går det også tydeleg fram at dei engelske orda som blir i språket, gjerne får fornorska form etter ei stund. Ei ordbok som dekkjer ein tidbolk, er Nyord i norsk 1945–75 frå 1982. Ho gjev oversyn overtilveksten til ordtilfanget, same kvar det kjem frå, og har kjeldefeste bruks-døme. Eit oppfølgingsband for perioden 1975 til 2005 blir redigert no.

Eit verk som har gledd mange i lang tid, er Bevingede ord. Boka opplyser om tyding, bruk og opphav for fleirordsuttrykk som har litterært opphav. Oppslagsdelen er ordna alfabetisk etter det første ordet i sitatet. Her er det uråd å unngå blading, for det ordet som fell ein inn, treng jo ikkje vera det første i sitatet. Er ein på jakt etter noko med «begeistringens ... fonn», kan ein slå opp på begeistring og bli vist til sitatet i komplett form: Da løsned Begejstringens rullende Faann ... Merk at Bevingede ord pietetsfullt fører alle norske, danske og svenske sitat i original form. Har ein sans for slikt, kan Bevingede ord lesast nesten som ein roman, for si eiga skuld.

Hol, manglar og ønske for framtida

Les ein punktet ovanfor med målpolitiske briller, ser ein kor lite som finst av nyare spesialordbøker for nynorsk. Synonymordbøkene og framandordbøkene går frå bokmål til bokmål, fornorskingsordbøkene frå bokmål til nynorsk, men ikkje andre vegen. Den store sitatboka med utgangspunkt i nynorsk finst enno ikkje.

Skorten på definisjonsordbøker for born og ungdom, uavhengig av målform, er alt nemnd. Ein treng òg ei grundig handsaming av det bokmålet som ein ikkje kallar moderat.

Summen av dette er at ingen leksikograf treng å vera redd for å ikkje ha nok å gjera. Oppgåvene står i kø om det norske språket skal få det same referanseutstyret som grannespråka har.

Så er det spørsmålet om elektroniske ordresursar. Bokmålsordboka og Nynorskordboka finst også i elektronisk utgåve og ligg på Internett. Ein del ord-bokverk finst i digital form, men er ikkje fritt tilgjengelege. Her er vi inne på ei drøfting om kostnader, tilgjenge og rettar. Vi får vona at den diskusjonen blir sluttførd raskt, for ordbokverk har ikkje evig liv. Skal dei bli mykje brukte, må dei vera lette å få tak i og lette å finna fram i. Frå eiga røynsle vil eg seia at elektroniske utgåver kjem som tillegg til papirutgåvene og ikkje i staden for dei.

Det sterkaste ønsket for framtida må likevel vera at folk flest skaffar seg og bruker ordbøker, slår opp ofte, og seier frå til redaksjonane om feil og manglar. Dersom denne artikkelen kan skuva nokon i slik lei, så har han gjort jobben sin!

Litteraturliste

  • Graedler, Anne-Line, Johansson, Stig (1977): Anglisismeordboka. Engelske lånord i norsk Universitetsforlaget. Oslo. 466 s.
  • Gundersen, Dag (2000): Norske synonymer blå ordbok. 3. utg. Kunnskapsforlaget. Oslo. 363 s. 1. utg. 1964.
  • Gundersen, Dag, Berulfsen, Bjarne (2003): Fremmedordboken. 16. utg. Kunnskapsforlaget. Oslo. 485 s. 1. utg. 1940.
  • Gundersen, Dag, Evensberget, Snorre (2006): Bevingede ord. Ordtak, sitater og deres opprinnelse. 4. utg. Kunnskapsforlaget. Oslo. 565 s. 1. utg. 1967.
  • Guttu, Tor (1977): Riksmålsordboken. Utgitt av Det norske akademi for sprog og litteratur. Kunnskapsforlaget. Oslo. XVIII, 814 s. XVI s.
  • Guttu, Tor (2005): Norsk ordbok med 1000 illustrasjoner: riksmål og moderat bokmål. 2. utg. Kunnskapsforlaget. Oslo. XVI, 1350 s. XVIII s. 1. utg. 1993 med tittel: Norsk illustrert ordbok
  • Hellevik, Alf, Søyland, Aud, Skadberg, Kåre, Breidsvoll, Einar, Liestøl, Knut (2005): Nynorsk ordliste, større utgåve, 10. utg. Det Norske Samlaget. Oslo. 433 s.
  • Hellevik, Alf, Vikør, Lars S., Grønvik, Oddrun, Bakken, Kristin (1966–2007): Norsk Ordbok. Ordbok over det norske folkemålet og det nynorske skriftmålet. Det Norske Samlaget. Oslo. Band 1–6. a—k.
  • Hovdenak, Marit et al. (2006): Nynorskordboka. Definisjons- og rettskrivingsordbok utarbeidd av Institutt for lingvistiske og nordiske studium, Universitetet i Oslo, i samarbeid med Språkrådet. 4. utg. Det Norske Samlaget. Oslo. XXXIV, 1478 s. (1. utg. 1986)
  • Knudsen, Trygve, Sommerfelt, Alf, Bødtker, K. Emil, Noreng, Harald (1983): Norsk Riksmålsordbok. Det Norske Akademi for Sprog og Litteratur. 2. utg. Oslo. Bind 1–4 (1. utg. 1937–1957) med tilleggsbind 5–6.
  • Landfald, Aagot, Paulssen, Kjell M. (2006): Norsk ordbok. Bokmål. Cappelen. Oslo. 680 s.
  • Leira, Vigleik (1982): Nyord i norsk 1945–1975. Norsk språkråd. Universitetsforlaget. Bergen. 453 s.
  • Lunde, Knut (red.) (2004): Norsk ordbok for grunnskolen. Bokmål. Kunnskapsforlaget. Oslo. 537 s.
  • Rommetveit, Magne (2000): Med andre ord. Den store synonymordboka bokmål og nynorsk. 2. utg. Det Norske Samlaget. Oslo. 820 s.
  • Rommetveit, Magne (2002): På godt norsk. Synonymordbok med omsetjingar til nynorsk. 2. utg. Det Norske Samlaget. Oslo. 318 s.
  • Wangensteen, Boye (2005): Bokmålsordboka. Definisjons- og rettskrivningsordbok utarbeidet av Universitetet i Oslo, Institutt for lingvistiske og nordiske studier og Språkrådet. 3. utg., 2. rev. oppl. Kunnskapsforlaget. Oslo. XVII, 1218 s. 1. utg. 1986.
  • Wangensteen, Boye, Sverdrup, Jakob, Sandvei, Marius (2005): Tanums store rettskrivningsordbok. Kunnskapsforlaget. Oslo. XVII, 1033 s, XV s. 1. utg. 1940.

Heimesider på nettet

Den første delen av denne artikkelen stod i Språknytt nr. 1/2007 under tittelen «ordbøker — kva har vi, og kva kan vi bruka dei til?».

 

-- Oddrun Grønvik er forskar ved Universitetet i Oslo og hovudredaktør for Norsk Ordbok.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:07.05.2007 | Oppdatert:11.06.2015