Årsmelding Språkrådet 2012


Forord

Språkrådet prioriterte tre saker spesielt i 2012: innføring av den nye nynorskrettskrivinga, betre språk i det offentlege og arbeid med norsk teiknspråk. Samstundes vidareutvikla Språkrådet arbeidet sitt som rådgjevande organ for både andre statsorgan og samfunnet generelt. Språkrådet har mellom anna ei veksande rådgjevingsverksemd i sosiale medium.

Ny nynorskrettskriving

Den nye rettskrivingsnormalen for nynorsk tok til å gjelde frå august 2012. I samband med den nye rettskrivinga har Språkrådet gjennomført ei rekkje tiltak. Av dei største tiltaka kan nemnast oppdatering av Nynorskordboka i samarbeid med Universitetet i Oslo, produksjon av ein brosjyre om den nye rettskrivinga og utarbeiding av eit nytt nettkurs i nynorsk med to variantar med kvar si primære målgruppe: skuleelevar og offentleg tilsette.

Språket i det offentlege

Det fire år lange prosjektet «Klart språk i staten» vart avslutta ved utgangen av 2012. Klarspråkssamarbeidet mellom Språkrådet og Direktoratet for forvaltning og IKT (Difi) held likevel fram med eigen nettstad, klarspråkskurs, nynorskkurs, seminar og konferansar, fagleg hjelp til statsorgan som skal gjennomføre språkforbetringsprosjekt, og utdeling av Klarspråksprisen. Når det gjeld arbeidet for ei meir reell jamstilling mellom bokmål og nynorsk i statlege tekstar, har statsorgana langt att. Det er framleis mange statsorgan som ikkje følgjer reglane i mållova. Språkrådet følgjer opp dette feltet nøye med både tilsynsarbeid og rådgjeving og prøver å utvikle meir effektive arbeidsmåtar som kan gje betre resultat.

Norsk teiknspråk

Hausten 2011 fekk Språkrådet for første gong ein rådgjevar for teiknspråk. I 2012 har Språkrådet arbeidd med både hasteprega og meir strategiske saker og samarbeidd tett med fag- og brukarorganisasjonar på feltet. Ein førsteversjon av grunnleggjande informasjonstekstar om norsk teiknspråk er lagd ut på nettsidene våre, og publikum byrjar å bli merksame på at ein kan stille spørsmål om teiknspråk til Språkrådet.

Vigdís Finnbogadóttir og Arnfinn Muruvik VonenSpråkdagen og Språkprisen

Den årlege dagskonferansen Språkdagen vart arrangert i november 2012 med tittelen Språket – er det så nøye?. Konferansen handla om norsk språk i skulen, som del av danninga og kulturen og som reiskap for formidling og kommunikasjon i det offentlege. Språkprisen, Språkrådets pris for framifrå bruk av nynorsk og bokmål i sakprosa, vart delt ut for sjette gongen.

Språkstatus

2012-utgåva av den årlege språkpolitiske tilstandsrapporten Språkstatus vart publisert i juni 2012. Rapporten viste mellom anna at skepsisen til reklame på engelsk aukar, men at norsk språk generelt framleis er under sterkt press frå engelsk. Nynorsk styrkjer stillinga si i tv-tilbodet frå NRK til barn og unge og i Wikipedia, men blir svekt på viktige bruksområde, kom det fram i denne fjerde tilstandsrapporten frå Språkrådet.

Årsmeldinga gjer greie for innsatsen innanfor dei fire hovudmåla Språkrådet hadde i 2012: styrking av norsk språk; språkdyrking, normering og språkopplæring; språkrøkt og offentleg språk; mindretal og minoritetar, mangfald og nabospråkforståing. Informasjonsarbeid, styret, dei fire fagråda, dei tilsette (om lag 30 årsverk), rekneskap og nordisk samarbeid har eigne kapittel.

 

Oslo, juni 2013

 

Ottar Grepstad
styreleiar
Arnfinn Muruvik Vonen
direktør

 


 

Styrking av norsk språk

Seminar om forskingsformidling på norsk

Språkrådet arrangerte for andre år på rad seminar om forskingsformidling på norsk saman med Tidsskriftforeningen, Universitetsforlaget og Norsk faglitterær forfatter- og oversetterforening. I 2012 vart det arrangert to seminar med tittelen «Ut med språket»,  eitt i Oslo og eitt i Bergen. Målgruppa for seminara var unge forskarar, og seminara gav motivasjon og praktiske råd om korleis ein kan drive forskingsformidling på godt norsk. Det var til saman rundt 250 deltakarar på desse to seminara i 2012.

Seminar om terminologi og fagspråk i næringslivet

I november 2012 skipa Språkrådet til eit terminologiseminar i Stavanger med tittelen Norsk terminologi og fagspråk i tre næringslivsbransjer. Ideal og virkelighet. Arrangørar var Språkrådets fagråd for terminologi og fagspråk og terminologitenesta i Språkrådet. Fagspråket i dei aktuelle bransjane vart belyst gjennom foredrag frå forsking og praktisk verksemd. Det var 15 påmelde deltakarar. Foredraga vil bli trykte som artiklar i tredje utgåva av Språkrådets skriftserie for terminologi og fagspråk, Terminologen, som byrja å kome ut frå 2012.

Europeisk terminologitoppmøte

Språkrådet arrangerte det sjette europeiske terminologitoppmøtet i Oslo i oktober. Drygt 70 deltakarar frå mange land i Europa med på møtet. Dei kunne høyre på i alt 13 foredrag og fire diskusjonspanel som tok føre seg ulike aspekt ved terminologi og terminologiarbeid. Det var òg presentasjon av plakatar («posters»). Dagen før toppmøtet vart det i tilknyting til det, i samarbeid med det svenske Terminologicentrum TNC og Standard Norge, skipa til eit internasjonalt seminar, Termintra, om nasjonale termbankar. Der var vel 30 deltakarar frå mange land med. Under siste dagen av toppmøtet vart det delt ut tre internasjonale terminologiprisar som EAFT forvaltar saman med terminologiorganet Termnet.

Grunnleggjande terminologikurs

For tredje året på rad heldt Språkrådets fagråd for terminologi og fagspråk saman med terminologitenesta i Språkrådet eit heildags grunnleggjande kurs i terminologi og terminologiarbeid. Kurset vart arrangert i oktober, dagen før det europeiske terminologitoppmøtet og på same staden. Det var 21 deltakarar på kurset. Kurset var, som tidlegare år, gratis for deltakarane.

Bidrag til terminologibasen Electropedia

Norsk Elektroteknisk Komite (NEK) står bak den internasjonale og nettbaserte elektrotekniske terminologibasen Electropedia. Språkrådets terminologiteneste er tilknytt prosjektet og bidreg med kritisk vurdering av føreslåtte termar på bokmål og legg til tilsvarande termar på nynorsk. Prosjektet har gått jamt og trutt framover, og om lag 800 termar er behandla i 2012.

Administrativ terminologi for universitets- og høgskulesektoren

Språkrådets terminologiteneste har teke initiativ til og medverka i arbeidet med å forbetre søkjemotoren i Universitets- og høgskolerådets nettbaserte terminologidatabase for universitets- og høgskuleadministrativ terminologi. Samstundes har terminologitenesta sytt for at alle termane i basen finst på både bokmål og nynorsk i tillegg til engelsk, det einaste framandspråket i basen. Den nye søkjemotoren og eit tilhøyrande nytt grensesnitt for vising av søk blir tilgjengelege tidleg i 2013. Før det skal terminologitenesta bidra til ein fullstendig fagleg gjennomgang og kontroll av innhaldet.

Diplom for godt namnevett

Språkrådet deler kvart år ut diplom til bedrifter og føretak som har valt gode norske namn på verksemda si. Dette tiltaket er eit ledd i arbeidet for å motverke unødvendig bruk av engelsk i norsk språk. Sju verksemder i Rogaland vart heidra for godt namnevett i 2012.

 


 

Språkdyrking, normering og språkopplæring

Ny nynorskrettskriving frå 2012

Ny nynorskrettskriving frå 2012Språkrådet har sett i verk mange tiltak for å informere om nynorsk rettskriving generelt og den nye reforma spesielt. Nettutgåva av Nynorskordboka var oppdatert med ny rettskriving til skulestart, og ein brosjyre med hovudpunkt i reforma vart send ut til alle skulane i landet i eit opplag på 38 000. Brosjyren ligg også på nettsidene. Språkrådet har i 2012 halde 42 kurs om den nye norma over heile landet, mest for lærarar, men også for andre grupper. Språkrådet har utarbeidd eit nytt nettkurs i nynorsk. Kurset vart lansert i juni 2012. Nettkurset finst i to versjonar, ein med skuleelevar som primær målgruppe og ein for offentleg tilsette. Kurset inneheld ein nynorsk minigrammatikk som er felles for begge versjonane. Det finst eit øvingsrom med sjølvrettande oppgåver for skuleelevar og eit for offentleg tilsette. Dessutan inneheld skuleversjonen nettsider med fakta om nynorsk for elevar og tips til norsklærarar. Dei ulike komponentane i kurset har vorte supplerte og korrigerte også etter at kurset vart lansert i juni. Den datatekniske løysinga vart etter ein anbodskonkurranse levert av ein ekstern leverandør.

Språkrådet har òg utarbeidd eit sett med råd om krav til konsekvens i den nye rettskrivinga for nynorsk. I samband med innføringa av ny nynorsknorm har Språkrådet teke stilling til ei mengd detaljspørsmål i nynorsk. Etter at den nye nynorskreforma tok til å gjelde, har Språkrådet hatt tre skuleordlister inne til godkjenning i 2012, og for to av dei var godkjenninga ferdig før årsskiftet 2012/2013.

Ny utgåve av Nynorskordboka

Den nye rettskrivinga for nynorsk tok til å gjelde 1. august 2012, og frå skulestart var Nynorskordboka oppdatert i oppslagsord og bøyingar i nettversjonen av ordboka. Alle oppslagsord har no fått full bøying, også samansetningar. Parallelt med oppdateringa er det gjort ei teknisk oppgradering som har gjeve ordboka nye funksjonar som viser innhaldet betre, det er mellom anna lagt inn mange kryssreferansar. Det er sett i gang arbeid med å revidere også innhaldet i ordboka med tanke på ny utgåve på nett og papir. Det er òg gjort ein del oppdatering av Bokmålsordboka.

Bokmålsordboka og Nynorskordboka på nett

Språkrådet har eit fast samarbeid med Institutt for lingvistiske og nordiske studium ved Universitetet i Oslo om Bokmålsordboka og Nynorskordboka. Talet på søk aukar frå år til år. Den sterke auken frå 2011 til 2012 heng truleg saman med bruken av spelet Wordfeud. Dette er søkjetala for dei elektroniske ordbøkene for dei siste tre åra:

  Bokmålsordboka Nynorskordboka
2010 17,2 millionar 12,6 millionar
2011 21,1 millionar 14,4 millionar
2012 44 millionar 30,3 millionar

Databasane bak ordbøkene

Bokmålsordboka og Nynorskordboka viser den offisielle rettskrivinga for dei to målformene. I 2012 har Universitetet i Oslo i samråd med Språkrådet gjort ein god del vedlikehaldsarbeid i databasane til ordbøkene, særleg til Nynorskordboka, på grunn av rettskrivingsreforma og oppdateringa av ordboka. 

Språkdagen 2012 med  to nye undersøkingar

Språkdagen 2012 vart arrangert i november med rundt 220 deltakarar. To nye undersøkingar vart presenterte. Den eine tok føre seg korleis det å vere van med å skrive både nynorsk og bokmål påverkar evna til å oppfatte språk, og var utført ved Språktilegnelses- og språkprosesseringslaboratoriet ved Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet. Undersøkinga viste mellom anna at personar som ofte skriv nynorsk, les bokmål raskare enn andre. Ei undersøking om språkarbeid i staten vart òg presentert på Språkdagen, sjå kapitlet «Språkrøkt og offentleg språk».

Knud Knudsen-jubileet

bilder

I samband med at det var 200 år sidan Knud Knudsen, bokmålets far, vart fødd, gav Språkrådet ut eit temanummer av Språknytt om Knudsen. Jubileet vart elles markert på konferansen Språkdagen i november. Styreleiaren i Språkrådet heldt òg tale ved eit eige jubileumsarrangement om Knudsen, og direktøren deltok på eit jubileumsseminar i regi av Bymålslaget og Universitetet i Oslo.

Debattmøte om norskfaget

Språkrådet arrangerte i 2012 to møte om norskfaget (med rundt 60 deltakarar på kvart) og dessutan ein større konferanse (med rundt 90 deltakarar) i samarbeid med Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa. Debattane på møta og konferansen vart knytte til diskusjonen om forslaga til nye læreplanar for norskfaget som var under arbeid i Utdanningsdirektoratet i 2012. Haldningsundersøkinga Språkrådet gjorde i 2010 om norsklærarars haldning til eige fag vart debattert på møta.

Kontakt med Senter for lesing og leseforsking

Fagrådet for skule og offentleg forvaltning besøkte våren 2012 Senter for lesing og leseforsking i Stavanger og etablerte eit samarbeid med senteret.

Språkleg kvalitet i læremiddel for grunnopplæringa

Ei gruppe læremiddelforskarar ved Høgskolen i Vestfold har, etter oppdrag frå Språkrådet, utarbeidd ein rapport som viser kva som særmerkjer gode tekstar og godt språk i læremiddel. I 2013 skal Språkrådet halde eit seminar til inspirasjon for lærebokforfattarar og forlagsredaktørar, der innhaldet i rapporten blir presentert. Rapporten skal gjevast ut elektronisk i serien Språkrådets skrifter.

Nysgjerrigpers språkpris

Språkrådet oppretta i 2012 Nysgjerrigpers språkpris i samarbeid med Noregs forskingsråd. Nysgjerrigper er ein forskingskonkurranse for barn. Det var fleire gode kandidatar til prisen, og vinnaren av Nysgjerrigpers språkpris 2012 vart Skåbu oppvekst i Nord-Fron med eit prosjekt om Skåbu-dialekten.

Stadnamnsaker

Dei fem avdelingane i stadnamntenesta i Språkrådet har i 2012 gjeve tilrådingar til kommunar om skrivemåten av adressenamn, og behandla andre namnesaker som mellom anna gjeld naturnamn og bru- og tunnelnamn. Stadnamntenesta har òg svart på mange spørsmål på telefon og e-post. Stadnamntenesta på Vestlandet samarbeider med Universitetet i Bergen om å oppdatere stadnamndatabasane ved universitetet. Databasen for kvenske stadnamn har fått over 1800 nye namneartiklar i 2012.

Brosjyre om namnsetjing i kommunane

Brosjyren vart publisert på både bokmål og nynorsk hausten 2012. Han vart send ut til alle kommunane i landet i desember. Brosjyren forklarer korleis kommunane skal gå fram når dei vel namn, og korleis adressenamna bør skrivast.

Møte om stadnamn og fleirspråklegheit

Stadnamntenesta for norske namn i Nord-Noreg arrangerte eit samrådingsmøte i Tromsø i oktober 2012. Språkrådet, Kartverket, Sametinget, fleire samiske språksenter, Norske Kveners Forbund og Fornyings-, administrasjons- og kyrkjedepartementet deltok. Tema for møtet var stadnamn og fleirspråklegheit.

Revisjon av stadnamnlova

Kulturdepartementet sende i 2012 ut eit høyringsframlegg til endring av stadnamnlova. Både klagenemnda for stadnamnsaker og Språkrådet var høyringsinstansar og sende kvar si fråsegn.

Bok om nyord i norsk 1976–2005

Boka «Nyord i norsk» kom ut på Kunnskapsforlaget i 2012. Medarbeidarar i Språkrådet har vore med og laga boka, mellom anna som redaktørar på delar av boka. Ordboka tek for seg nye ord frå åra 1976–2005. Med 10 000 oppslagsord viser boka korleis samfunnsutviklinga har sett spor i språket. Til dømes har innvandring, auka likestilling og teknologisk utvikling gjeve oss nye ord som falafel, pressetalskvinne og minnepinne.

 


 

Språkrøkt og offentleg språk

Språkleg rådgjeving

Språkrådet arbeider med språkrøkt på mange ulike vis. Den allmenne svartenesta i Språkrådet gjev råd til publikum om korrekt og godt språk og er ein sentral del av dette arbeidet. Språktenesta for statsorgan og terminologitenesta svarer på spørsmål innanfor sine fagområde. Hausten 2011 vart aktiviteten utvida frå rådgjeving på e-post og telefon til òg å omfatte rådgjeving på Twitter og Facebook.

Talet på e-postar med språkspørsmål var drygt 3700 i 2012, mot litt over 4100 i 2011 og drygt 4000 i 2010. Ein god del e-postar har meir enn eitt spørsmål. Talet på telefonar med språkspørsmål gjekk ned frå over 2300 i åra 2010 og 2011 til drygt 1700 i 2012. Nedgangen kan ha samanheng med at telefontida vart sett ned med to timar dagleg frå 2012. Elles stilte stadig fleire spørsmål til Språkrådet gjennom sosiale medium i 2012, vi gav nær 600 svar på Twitter og Facebook, dei fleste på Twitter.

I tillegg til dette svarer stadnamntenesta i Språkrådet på spørsmål.

Språkprisen 2012

bilder

Språkprisen for framifrå bruk av norsk språk i sakprosa vart i 2012 gjeven til Marta Norheim, nynorsk (litteraturvitskap og humanistiske fag) og Erik Tunstad, bokmål (naturvitskap og forskingsjournalistikk). Juryen drøfta og vurderte 20 kandidatar, åtte bokmålsskrivande og tolv nynorskskrivande. Prisane vart delte ut på Språkdagen i november av styreleiaren i Språkrådet.

Seminar om skjønnlitterære omsetjingar til nynorsk

I 2012 arrangerte Språkrådet, saman med Det Norske Samlaget og Norsk Oversetterforening, eit todagarsseminar om skjønnlitterær omsetjing til nynorsk. Seminaret var mynta på nynorskbrukarar som kunne tenkje seg å bli omsetjarar, og på omsetjarar som kunne tenkje seg å omsetje til nynorsk. Seminaret gav mellom anna ei oppdatering i den nye nynorskrettskrivinga.

Digital læringsressurs om filmteksting

Språkrådet har samarbeidd med Norsk audiovisuell oversetterforening (NAViO) om ein nettbasert læringsressurs om filmteksting. NAViO har publisert læringsressursen på sine nettsider.

Klarspråkskurs for statsorgan og gjennomgang av tekstar

I 2012 har språktenesta for statsorgan i Språkrådet halde til saman 14 klarspråkskurs for statsorgan. I tillegg har språktenesta utvikla og halde to heildagskurs om språk og struktur i regelverk, sjå punktet om språkleg kvalitet i regelverk. I 2012 har språktenesta gjennomgått og vurdert eller kvalitetssikra tekstar frå 21 statsorgan. Blant dei viktigaste oppdraga er språkleg kvalitetssikring av statsrekneskapen (nynorsk).

Prosjektet «Klart språk i staten»

I 2012 har Språkrådet og Direktoratet for forvaltning og IKT (Difi) arbeidd vidare med prosjektet «Klart språk i staten». Prosjektet vart avslutta 31.12.12, men klarspråkssamarbeidet mellom Difi og Språkrådet (ved språktenesta) held fram. Innanfor støtteordninga i prosjektet fekk sju statsorgan tildelt rådgjevingstimar frå Språkrådet i 2012.

Klarspråkskonferansen 2012

Saman med Difi arrangerte Språkrådet Klarspråkskonferansen 2012 i Oslo med utdeling av Klarspråksprisen, og Språkrådet har gjort sekretariatsarbeidet for juryen. Overskriftene for konferansen var «Klarspråk i Norge og i verden – hva skjer, og hvor går vi?» og «Må språket i lover og regler være så vanskelig?».

Språkleg kvalitet i regelverk

bilder

Under prosjektet «Klart språk i staten» er det etablert eit eige delprosjekt som arbeider med språk i regelverk. Føremålet med delprosjektet er å få meir kunnskap om dei språklege utfordringane i regelverket og å setje i gang tiltak for å gjere språket i regelverk betre. Språktenesta for statsorgan representerer Språkrådet i dette delprosjektet, som held fram som eige prosjekt etter at hovudprosjektet «Klart språk i staten» er avslutta. I tillegg har språktenesta gjennomgått og kvalitetssikra utvalde lovtekstar på nynorsk og eit utdrag av utkast til ny arvelov (førebels bokmål).

Språkrådet har vore med på å utarbeide versjonar av Grunnlova i begge målformer (sjå avsnittet under). I samarbeid med forskriftseininga i lovavdelinga i Justisdepartementet har Språkrådet (ved språktenesta) utvikla og halde to kurs om språk og struktur i regelverk i 2012.

Revisjon av språket i Grunnlova

I 2012 vart det laga språkleg oppdaterte versjonar av Grunnlova på både bokmål og nynorsk, på oppdrag frå presidentskapet i Stortinget. To tilsette i Språkrådet var med i utvalet som utarbeidde versjonane. Stortinget skal ta endeleg stilling til framlegget i 2014. Dei nye versjonane følgjer den offisielle rettskrivinga. Kansellistilen er dempa, og setningsbygninga er meir moderne. Utvalet har bytt ut mange mindre kjente ord, men nokre «gamle» ord har fått stå fordi dei handlar om historiske tilhøve. Utvalet har gjennomført kjønnsnøytrale uttrykk som ho eller han, prinsesser eller prinsar osv.

Informasjon på nettet

I 2012 har språktenesta i Språkrådet publisert 40 framsidesaker og annan nyttig informasjon på nettstaden www.klarspråk.no. Nettstaden vart omlagd og forbetra i 2012, og undersidene om juridisk språk (mellom anna i lover og forskrifter) vart oppdaterte. Språkquizen er oppdatert i tråd med den nye nynorsknorma.

Spørjeundersøking om språkarbeid i staten

Språkrådet har i 2012 gjennomført ei omfattande spørjeundersøking om språkarbeid i statsorgana. Føremålet med undersøkinga var mellom anna å kartleggje haldningar til språkarbeid og å finne ut kva for hjelpemiddel statstilsette brukar når dei skriv. Undersøkinga vart utført av Ipsos MMI på vegner av Språkrådet, og resultata vart presenterte på Språkdagen i november. I undersøkinga svarte nesten alle statstilsette at det er viktig å betre språket i statlege tekstar, samstundes svarer ni av ti at dei sjølve skriv godt nok. Undersøkinga viste òg at statstilsette veit lite om dei språklege krava som blir stilte i statlege styringsdokument. Berre ein tredel av dei spurde meiner at dei har tilstrekkeleg kompetanse i begge målformene.

Nettverk av språkkontaktar

Språkrådet og Difi arrangerte eit seminar for «klarspråksveteranar» i juni 2012 for å diskutere korleis ein kan arbeide vidare med språktiltak i staten etter at prosjektet «Klart språk i staten» er avslutta. Ni statsorgan var representerte. Det vart diskutert korleis språkansvarlege i staten kan arbeide, og korleis eit nettverk av språkkontaktar i statsorgana bør vere og fungere. Språkrådet arbeider vidare med å få kontakt med informasjonsavdelinga i kvart statsorgan.

Statsspråk

Også i 2012 har språktenesta laga fire utgåver av Statsspråk, bladet for godt språk i staten. Nr. 1 handla om meteorologispråket og uttrykk for mengdeendring i rapportar og rekneskapar (med vekt på nynorsk). Nr. 2 var eit temanummer om terminologi. Nr. 3 tok føre seg språket i helsesektoren og den nye nynorskrettskrivinga. Nr. 4 var eit temanummer om stadnamn.

Tilsynsarbeid etter lov om målbruk i offentleg teneste

Språkrådet har i 2012 behandla 137 rapportar om målbruk og 70 klagesaker. Resultata og meir utfyllande informasjon om mållovsarbeidet ligg i Rapport om målbruk i offentleg teneste 2011 som hausten 2012 vart oversend til Kulturdepartementet. Rapporten viser at staten framleis ligg langt unna å oppfylle krava i mållova.

Seminar og brosjyre om nynorsk i staten

I mars 2012 arrangerte Språkrådet eit seminar om nynorsk i staten. Meir enn 50 personar frå 36 statsorgan deltok, og tilbakemeldingane frå deltakarane var gode. Til seminaret hadde Språkrådet invitert tre innleiarar frå tre ulike statsorgan som kan vise til gode resultat: eitt departement, eitt direktorat og eitt universitet. Dessutan var det innleiarar frå både språktenesta og mållovstilsynet. Eit av føremåla med seminaret var å spreie informasjon om regelverket hjå statstilsette, og mållovstilsynet hadde ei eiga orientering om regelverket i mållova og om gode rutinar. Brosjyren Nynorsk i staten. Reglar og råd vart lansert og delt ut på seminaret.

Innspel til revideringa av mållova

Språkrådet har gått gjennom ein del av klagesakene som har kome inn dei siste åra. Hovudføremålet med arbeidet er å bidra med innspel til Kulturdepartementet i samband med revideringa av mållova. Departementet fekk ein del innspel i 2012, og arbeidet held fram i 2013.

Nynorskkurs med kurshaldar

Språkrådets standardkurs i nynorsk har i 2012 (med eitt unntak) gått over tre  dagar og omfattar mellom anna skriftlege oppgåver med individuelle tilbakemeldingar på innsende tekstar. Kurset inneheld òg ei praktisk orientering om reglane i mållova. I 2012 har språktenesta halde fire nynorskkurs for statsorgan. Etterspurnaden etter nynorskkurs er mindre enn det behovet for opplæring tilseier. For å marknadsføre kurstilbodet betre har språktenesta i 2012 lyst ut ti todagars nynorskkurs for statsorgan i 2013. I 2012 kom Språkrådet fram til at ein i tillegg til dei ordinære nynorskkursa skal lage og tilby eit inspirasjonsinnlegg om nynorsk i staten.

 


 

Mindretal og minoritetar, mangfald og nabospråkforståing

Språklege rettar i samfunnet

Språkrådet har i 2012, som i tidlegare år, følgt med på om nynorskbrukarar får oppfylt dei språklege rettane sine. Sjå òg omtalen av tilsynet med mållova tidlegare i årsmeldinga. I 2012 har Språkrådet òg følgt med på dei språklege rettane til teiknspråkbrukarar og arbeidd med å finne høvelege arbeidsformer.

Nynorsk målbruk

Språkrådet arbeider for å styrkje nynorsk målbruk på fleire område. Ei av dei mest omfangsrike sakene i 2012 har vore den melde revisjonen av læreplanen i norsk med tilhøyrande vurderingsordningar. Språkrådet har ved fleire høve ytra uro over ei føreslått nedjustering av krava til skriftlege ferdigheiter i begge målformene. 

Rådgjevar i Språkrådet med ansvar for andre språk enn norsk

Våren 2012 lyste Språkrådet ut ei stilling som rådgjevar med ansvar for nasjonale minoritetsspråk (kvensk, romani og romanes) og nyare innvandrarspråk. Rådgjevaren tok til i stillinga si i januar 2013.

Språkvitskapleg forankring av teiknspråkordboka

Språkrådet har etablert kontakt med dei som arbeider med Norsk teiknordbok ved Møller-Trøndelag kompetansesenter i Trondheim (frå 2013: Statped midt). Språkrådet vil sjå behovet for ei vitskapleg forankring av teiknspråkleksikografien i samanheng med ei meir samla tilnærming til ordbokbehova i Noreg i tida frametter.

Nasjonalt nettverk for norsk teiknspråk i høgare utdanning

Saman med dei tre høgskulane som tilbyd teiknspråkutdanning, fleire interesseorganisasjonar for teiknspråkbrukarar og ei rekkje andre institusjonar har Språkrådet i 2012 arbeidd i ein «visjonskomité» som mellom anna skal arbeide for eit nettverk for teiknspråk i høgare utdanning.

Seminar om språkpolitisk arbeid med teiknspråk

I samarbeid med Norges Døveforbund har Språkrådet i 2012 arbeidd med planar om ein språkpolitisk konferanse om teiknspråk i 2013. Målet for konferansen er å lyfte kunnskapsnivået om norsk teiknspråk, ikkje minst hjå personar med avgjerdsmynde i samfunnet.

Databasen for kvenske stadnamn

I 2012 har Språkrådet ved kvensk stadnamnteneste arbeidd vidare med vedlikehald og oppdatering av databasen for kvenske stadnamn. Over 1800 nye namneartiklar vart publiserte i 2012, dessutan har databasen ein fyldigare artikkel for «Månedens stedsnavn» kvar månad.

Kurs i nabospråkundervisning

I 2012 har Språkrådet halde to minikurs i nabospråkundervisning for lærarar. Kursa er haldne i samband med oppfølging av undersøkingane om kva haldning norsklærarar har til faget sitt (sjå omtale tidlegare i årsmeldinga).

 


 

Nordisk og anna europeisk samarbeid

Nettverket for språknemndene i Norden – nordisk språkmøte og nettverksmøte i Oslo

Språkrådet samarbeider med dei nordiske språknemndene gjennom nettverket for språknemndene i Norden. I august 2012 arrangerte Språkrådet Det nordiske språkmøtet i Oslo. Temaet var tv-teksting i Norden. Det var føredrag frå dei ulike nordiske landa og paneldebatt med representantar frå mellom anna kulturkomiteen på Stortinget og frå NRK. Føredrag frå konferansen blir publiserte i årsskriftet Språk i Norden. Nettverksmøtet for språknemndene i Norden (institusjonar som tilsvarer Språkrådet) vart òg arrangert i Oslo i august 2012.

Nordisk miniordbok på nett

Språkrådet arbeidde i 2012 med ordboka Nordisk miniordbok, som vart lansert i 2013. Ordboka rettar seg mellom anna mot barn og unge og blir ein ressurs i nabospråkopplæringa i skulen. Prosjektet var finansiert med midlar frå eksterne og for det meste nordiske organ.

Nordisk svardatabase

Språkrådet bidreg til ein felles database med svar på språkspørsmål frå dei ulike språknemndene i Norden. Arbeidet med svardatabasen er i hovudsak fullført, men det står att noko omsetjingsarbeid og gjennomgang av ulike kategoriar i svarbasen.

Nordisk språkteknologikonferanse

I oktober 2012 arrangerte arbeidsgruppa for språkteknologi i Norden (ASTIN), som ein tilsett i Språkrådet no leiar, ein nordisk språkteknologikonferanse om taleteknologiens innverknad på utvikling av ei uttalenorm. Konferansen vart halden i Lund i Sverige og hadde rundt 60 deltakarar. Det skal publiserast ein konferanserapport. Konferansen og rapporten vart finansierte av nordiske midlar som arbeidsgruppa for språkteknologi vart tildelt frå nettverket for språknemndene i Norden.

CLARIN og CLARINO

Common Language Resources and Technology Infrastrukture (CLARIN) er ein europeisk organisasjon som kartlegg og gjer tilgjengeleg språkressursar for språkteknologisk bruk. CLARINO er den norske delen av organisasjonen. Språkrådet er representert i fleire arbeidsgrupper.

META-NET og META-NOR

Multilingual Europe Technology Alliance (META) er eit europeisk nettverk som kartlegg språkressursar og samordnar dei på europeisk og nordisk/nasjonalt nivå. I 2011 vart det publisert tilstandsrapportar for alle deltakarland. Språkrådet er representert i begge organisasjonane.

Nordisk terminologisamarbeid

Språkrådet representerer Noreg i styret for det nordiske terminologisamarbeidet, Nordterm. Det vart halde eitt styremøte i 2012, der hovudsaka var det toårlege arrangementet Nordterm-dagane, som i juni 2013 blir arrangert i Stockholm av det svenske terminologiorganet Terminologicentrum TNC.

Den europeiske terminologiforeininga

Terminologitenesta i Språkrådet er representert i Den europeiske terminologiforeininga (EAFT) og har for tida leiarvervet.

Nordisk foreining for leksikografi (NFL)

Ein tilsett i Språkrådet er leiar for styret i NFL i perioden 2011–2013. Språkrådet har hovudansvaret for den nordiske leksikografikonferansen i Oslo i august 2013. Institutt for lingvistiske og nordiske studium (ILN) ved Universitetet i Oslo er samarbeidspartnar.

Den nordiske leksikografikonferansen i Lund

Rapporten frå den nordiske leksikografikonferansen i Lund i Sverige i mai 2011 vart i 2012 publisert i skriftserien Nordiske Studier i Leksikografi.

EFNIL

European Federation of National Institutions for language (EFNIL) er ein kontaktorganisasjon for dei nasjonale språkinstitusjonane i EU. Språkrådet representerer Noreg, som er assosiert medlem.

 


 

Informasjon

Språkrådets nettsider

I 2012 var det over 1,3 millionar besøk på nettsidene – meir enn 200 000 fleire enn året før. Talet har auka jamt dei siste åra. Dei best besøkte sidene på nettstaden var som før rettskriving og ordlister, skrivereglar og grammatikk og nettkurset i nynorsk. Mange kjem òg til nettsidene for å søkje i Bokmålsordboka og Nynorskordboka. Det viktigaste nye tilbodet på nettsidene i 2012 var eit nytt nynorskkurs for elevar i den vidaregåande skulen med øvingar, minigrammatikk, råd, fakta og tips. Kurset har også øvingar for tilsette i det offentlege. Innhaldet er i tråd med den nye rettskrivinga for nynorsk. Det vart oppretta eigne temasider om norsk teiknspråk i 2012. Sjå elles omtalen av klarspråkssidene (www.klarspråk.no) i kapitlet «Språkrøkt og offentleg språk».

Facebook og Twitter

Språkrådet har ei side i nettsamfunnet Facebook og ein profil i mikrobloggingstenesta Twitter. Språkrådet nyttar desse tenestene til å gje språklege råd og spreie nytt om arbeidet vårt. Direktøren har eigen Twitter-profil.

Medieomtale

I mediearkivet Atekst (Retriever) er Språkrådet omtalt i 725 artiklar frå 2012, mot 653 i 2011 og 553 i 2010. Den nye rettskrivinga for nynorsk fekk mykje medieomtale. Språkdagen fekk òg brei mediedekning. Ei anna hending som fekk stor mediemerksemd, var kåringa av nave (naving) som årets ord.

Språknytt

Språknytt, Språkrådets blad for alle språkinteresserte, kom også i 2012 ut med fire utgåver. Opplaget vart justert litt ned, frå 12 000 ved nr. 1 til 11 700 ved nr. 4/2012. Nr. 1 tok mellom anna føre seg mållova og tolking mellom samisk og norsk. Nr. 2 var ei temautgåve om Knud Knudsen – far til bokmålet. Nr. 3 handla mellom anna om pensumlitteratur på norsk. Nr. 4 tok mellom anna føre seg talespråk blant unge.

Statsspråk

Sjå omtale i kapitlet «Språkrøkt og offentleg språk».

Språkrådets skriftserie

Eit nytt nummer i serien Språkrådets skrifter vart laga i 2012: Språkmeldingen som handlingsplan. Retorikk og resultater av Anders Johansen. Stortingsmeldinga «Mål og meining. Ein heilskapleg norsk språkpolitikk» blir analysert i skriftet.

Brosjyrar

Språkrådet gav ut fire nye brosjyrar i 2012. Brosjyren Nynorsk i staten. Reglar og råd informerer om krava i mållova og om hjelpemiddel og om kurstilboda til Språkrådet. Brosjyren Ny nynorskrettskriving frå 2012 tek føre seg hovudtrekka i den nye rettskrivingsreforma for nynorsk. Brosjyren Navnsetting av gater og veier (bokmålsutgåve) / Namnsetjing av gater og vegar (nynorskutgåve) gjev råd til kommunane i arbeidet med nye adressenamn. Til det europeiske toppmøtet om terminologi i Oslo i oktober vart det laga ein presentasjonsbrosjyre om Språkrådet og terminologitenesta.

Spalte i Norsklæraren

Språkrådet har ei spalte om språk i bladet Norsklæraren, som kjem fire gonger i året. Spalta tok i 2012 opp den nye nynorsknorma, Nysgjerrigpers språkpris, arbeidet med bokmåls- og nynorskversjonar av Grunnlova, Språkdagen 2012 og ulike språkspørsmål lærarar og elevar har.

 


 

Styret

Styret for Språkrådet er oppnemnt frå 26. november 2010 til 31. desember 2014. Det har åtte medlemmer som er oppnemnde av Kulturdepartementet, og ein medlem som representerer dei tilsette.

Styret i 2012

Leiar: Ottar Grepstad, Volda (nynorsk)
Nestleiar: Åse Lill Kimestad, Mandal (bokmål)
Medlem: Sigrun Høgetveit Berg, Tromsø (nynorsk)
Medlem: Margrethe Kvarenes, Språkrådet (bokmål, vald av dei tilsette, styremedlem første halvdel av perioden)
Medlem: Ola T. Lånke, Rennebu (bokmål)
Medlem: Trond Trosterud, Tromsø  (nynorsk)
Medlem: Helene Uri, Oslo (bokmål)
Medlem: Åse Wetås, Drammen (nynorsk)
Medlem: Kamil Øzerk, Oslo (bokmål)
Varamedlem: Bente Christensen, Oslo (varamedlem for bokmålsrepresentantane)
Varamedlem: Daniel Gusfre Ims, Språkrådet (nynorsk, vald av dei tilsette, styremedlem andre halvdel av perioden)
Varamedlem: Lars Rottem Krangnes, Oslo (varamedlem for nynorskrepresentantane)

Styremøta i 2013

Styremøta vart haldne 27. februar, 25. april, 13. og 14. juni (i Sverige), 3. september, 17. september (telefonmøte) og 6. desember.

Studietur for styret til Sverige

I samarbeid med Språkrådet i Stockholm og Lexikaliska institutet ved Göteborgs universitet hadde styret i juni eit todagars seminar i Stockholm og Göteborg. Styret fekk  informasjon om korleis det svenske Språkrådet arbeider med minoritetsspråk, teiknspråk, klarspråk, ordbøker og språkbank, og om kva det inneber å ha ei språklov. Også i Noreg skal det utarbeidast ei språklov, og dette var lærerikt for styret, som elles orienterte om norsk språkpolitikk og kva det norske Språkrådet har av arbeidsoppgåver.

 


 

Fagråda

Fagrådet for samfunn og høgare utdanning (fagråd 1)

Gunnstein Akselberg, professor ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium ved Universitetet i Bergen, leiar
Karianne Braathen, redaksjonssjef i Norsk Ukeblad, Drammen  (kom inn i rådet hausten 2012)
Gunnar Kvassheim, redaktør i Dalane Tidende, Egersund (gjekk ut av rådet ved årsskiftet 2012–13)
Kristine Meek, ansvarleg for samfunnsansvar i Telenor Norge, Oslo (gjekk ut av rådet ved årsskiftet 2012–13)
Audhild Gregoriusdotter Rotevatn, dagleg leiar i Allkunne, Ålesund
Dag F. Simonsen, seniorrådgjevar i Språkrådet, sekretær
Håvard Teigen, professor i regional økonomi og politikk ved Høgskolen i Lillehammer

Fagrådet for skule og offentleg forvaltning (fagråd 2)

Ove Eide, forfattar og leiar for utvikling og fornying ved Firda vidaregåande skule, Sandane, leiar
Torbjørg Breivik, seniorrådgjevar i sekretariatet i Språkrådet, sekretær
Vidar Kristensen, seniorrådgjevar/prosjektleiar, Kyrkjerådet, Oslo
Atle Måseide, førsteamanuensis ved Institutt for filosofi, Universitetet i Tromsø (gjekk ut av rådet ved årsskiftet 2012–13)
Arvid Samland, informasjonsrådgjevar, Statsministerens kontor (gjekk ut av rådet ved årsskiftet 2012–13)
Torill Tørjesen, lærar, Oslo voksenopplæring, Sinsen
Anne Ertresvaag Aasland, lærar, Nygård skole, Bergen (gjekk ut av rådet ved årsskiftet 2012–13)

Fagrådet for normering og språkobservasjon (fagråd 3)

Helge Dyvik, professor ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium ved Universitetet i Bergen, leiar
Endre Brunstad, førsteamanuensis ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium ved Universitetet i Bergen
Oddrun Grønvik, hovudredaktør for Norsk Ordbok 2014 og forskar ved Institutt for lingvistiske og nordiske studium, Universitetet i Oslo
Ingunn Indrebø Ims, stipendiat ved Institutt for lingvistiske og nordiske studium, Universitetet i Oslo
Marit Hovdenak, seniorrådgjevar i sekretariatet i Språkrådet, sekretær
Inge Særheim, professor ved Institutt for kultur- og språkvitskap ved Universitetet i Stavanger
Ingebjørg Tonne, førsteamanuensis ved norskseksjonen, Avdeling for lærarutdanning og internasjonale studium, Høgskolen i Oslo (gjekk ut av rådet ved årsskiftet 2012–13)

Fagrådet for terminologi og fagspråk (fagråd 4)

Tove Bjørneset, prosjektleiar ved Uni Computing i Uni Research AS, Bergen, leiar
Sylvi Dysvik, seniorrådgjevar i EØS-sekretariatet i Utanriksdepartementet, Oslo
Ellen Margrete Grong, fagomsetjar og førstekonsulent ved Universitetet i Bergen (kom inn i rådet tidleg i 2012)
Jan Hoel, seniorrådgjevar i sekretariatet i Språkrådet, sekretær
Håvard Hjulstad, prosjektleiar i Standard Norge, Lysaker
Knut Jonassen, prosjektleiar i Standard Norge, Lysaker
Sigbjørn Hjelmbrekke, stipendiat i kulturøkonomi og opphavsrett ved Høgskolen i  Telemark (gjekk ut av rådet ved årsskiftet 2012–13)

 


 

Tilsette

Leiing

direktør Arnfinn Muruvik Vonen
administrasjonssjef Karl Henrik Steinsholt
fagkoordinator Sigfrid Tvitekkja (permisjon 1.–31.1. og 3.9.–2.11.)
fagkoordinator Nina Teigland (vikar 1.–31.1. og 3.9.–2.11.)
informasjonssjef Svein Arne Orvik

Rådgjevarar

rådgjevar Øystein Baardsgaard
seniorrådgjevar Marit Hovdenak
førstekonsulent Live Håberg (10.4–31.12)
rådgjevar Erlend Lønnum
seniorrådgjevar Åsta Norheim
rådgjevar Eilov Runnestø
seniorrådgjevar Dag F. Simonsen
seniorrådgjevar Nina Teigland
rådgjevar Ragnhild Ås

Språktenesta for statsorgan

koordinator, seniorrådgjevar Aud Anna Senje
rådgjevar Bård Eskeland
seniorrådgjevar Margrethe Kvarenes
rådgjevar Torunn Reksten
rådgjevar Kjetil Aasen

Terminologitenesta

koordinator, seniorrådgjevar Jan Hoel
rådgjevar Marianne Aasgaard
seniorrådgjevar Ole Våge

IKT og norsk språk

seniorrådgjevar Torbjørg Breivik

Mållovstilsynet

rådgjevar Astrid Marie Grov
rådgjevar Daniel Ims

Stadnamntenesta

koordinator, rådgjevar Ingvil Nordland (Austlandet og Agderfylka)
førstekonsulent Line Lysaker Heinesen (Austlandet og Agderfylka) (engasjement)
rådgjevar Kjell Erik Steinbru (Vestlandet)
rådgjevar Kjersti Bruvoll (Midt-Noreg) (permisjon til 1.8.)
førstekonsulent Kristin Fridtun (Midt-Noreg) (engasjement 1.1.–1.8.)
rådgjevar Astrid Sann Evensen (norske namn i Nord-Noreg)
seniorrådgjevar Irene Andreassen (kvensk)

Teiknspråk

rådgjevar Sonja Myhre Holten

Administrative støttefunksjonar

rådgjevar Rikke Elisabeth Hauge (pensjonist frå 1.10.)
førstekonsulent Lars Erik Klemsdal
seniorkonsulent Pål Knutzen
arkivleiar Vigdis Nilssen
førstekonsulent Sabine Rosenhart (slutta 31.8.)

 


 

Rekneskap for 2012

Inntekter

 

Utgifter

 

Løyving på statsbudsjettet

30 374 000

Løn inkl. arbeidsgjevaravgift

20 382 000

Overført frå 2011

348 000

Varer og tenester

10 912 000

Kompensasjon for lønsoppgjeret

623 000

Inntektskrav

234 000

Lønsrefusjonar

596 000

 

 

Andre inntekter

232 000

   

Sum inntekter

32 173 000

Sum utgifter

31 528 000

   

Overskot

645 000

 

32 173 000

 

32 173 000

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:30.05.2013 | Oppdatert:27.05.2021