Mandatet

Mandatet

1 På grunnlag av utgreiinga om nynorsknorm i 2002, seinare offentleg ordskifte, språkmeldinga frå 2008 og drøftinga av denne i Stortinget våren 2009 set styret i gang arbeidet med å laga ei tydeleg, enkel og stram norm for nynorsk, utan sideformer. Denne nye norma skal vera eit tilbod til alle som ynskjer å skriva korrekt nynorsk, og ho skal gjelda for alle som pliktar å skriva innanfor ei norm.

2 Målet er å etablera ei norm som gjer det lettare å vera nynorskbrukar, som er tydeleg for alle som bruker nynorsk som sidemål, og som er stabil over tid. Norma skal vera lett å bruka uavhengig av formell utdanning og språkkompetanse.

3 Norma skal vera slik at nynorsken framleis kan appellera til språkbrukarar over heile landet og gir rom for former som er i allmenn bruk blant breie grupper av nynorskbrukarar. Breitt talemålsgrunnlag, mykje brukte former og ord, geografisk spreiing og skriftspråktradisjonar er difor blant dei viktigaste faktorane som skal balanserast i den nye norma.

4 Grunnlagsmaterialet frå arbeidet med normering 2001–2003 er eit fagleg hovudgrunnlag for arbeidet med den nye norma.

5 Det blir oppnemnt ei breitt samansett nemnd på sju medlemer som utfører arbeidet i tråd med dette mandatet og dei rammene for arbeidet som er utdjupa nedanfor. Til hjelp i arbeidet får nemnda ein eigen sekretær.

6 Arbeidet skal gjennomførast i ein open og inkluderande prosess. Nemnda har ansvaret for å utforma ein arbeidsplan som tek omsyn til dette og dei rammevilkåra som er sette opp.

7 Nemnda skal leggja fram endeleg innstilling seinast 1.4.2011 med eit ope høyringsmøte i februar 2011.

8 Styret vil leggja til rette for at den nye norma kan gjelda frå 1.8.2012 og då mellom anna vera tilgjengeleg i ei ny utgåve av Nynorskordboka, under føresetnad av godkjenning frå Kulturdepartementet.

Vedteke av styret i Språkrådet 16.12.2009


Sida blei publisert: 9.3.2010

 

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:25.01.2010 | Oppdatert:14.01.2021