Nytt nordisk terminologiprosjekt
(6.10.14) Skal du studere i Danmark, arbeide i Sverige eller busetje deg på Island? Fleire nordiske språknemnder har sett i gang med å lage ein termbase der du kan slå opp vanskelege fagtermar på andre nordiske språk og få ein definisjon på ditt eige språk.
Måndag 6. oktober møtest språknemndene i Danmark, Island, Noreg og Sverige for å setje i gang eit nytt nordisk terminologiprosjekt. Føremålet er å byggje opp ein termbase som skal vere til hjelp for nordiske borgarar som skal studere, arbeide eller busetje seg i eit anna nordisk land. I første omgang vil termbasen innehalde faguttrykk innanfor utdanning og helse, men vonleg vil innhaldet utvidast til andre fagfelt etter kvart.