Norsk i hundre!

Rapporten Norsk i hundre! blei gitt ut i 2005. Den danna grunnlaget for stortingsmelding nr. 35 (2007–2008) Mål og meining. Ein heilskapleg norsk språkpolitikk.

Forside Norsk i hundre!

Norsk i hundre! er skriven av eit utval som blei oppnemnt av Språkrådet. Utvalet hadde i oppgåve å drøfta utfordringar, setja opp mål og skissera verkemiddel for den nasjonale språkpolitikken.

Samla språkpolitikk

I rapporten gjekk utvalet inn for at det må utformast ein samla språkpolitikk for framtida. Politikken må forankrast i tre demokratisk baserte rettar: retten til nasjonalspråk, retten til morsmål og retten til framandspråk. Det overordna målet er å sikra at nynorsk og bokmål blir brukt på alle område i samfunnet, og at norsk språk er det naturlege valet i alle situasjonar der det ikkje er nødvendig å bruka framandspråk.

Rapporten inneheld framlegg til tiltak for skulen, høgre utdanning og forsking, kultur- og mediepolitikk, næringsliv og arbeidsliv og for forvaltninga. Informasjonsteknologi har fått eit eige kapittel. Det har også arbeidet med terminologi og fagspråk.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:27.10.2005 | Oppdatert:14.06.2022