Punktlister

Punktoppstillingar er nyttige når vi skal framstille viktig informasjon klart, særleg når vi ramsar opp mange og lange ledd.

I staden for å la sideordna tekstelement drukne i eit kompakt avsnitt med samanhengande tekst kan vi setje dei på kvar si linje i ei oversiktleg liste. Det finst fleire måtar å gjere det på, men ikkje alle er like gode. Her er nokre råd.

I eksempla har vi valt å innleie punkta med kulepunkt, men ein kan òg bruke strek, tal eller små bokstavar.

Korte punkt

Vi kan tenkje oss denne setninga:
Skal du få godkjent utdanninga, må du ha stått til eksamen i norsk som andrespråk, engelsk for nordmenn og svenskar og matematikk.

Punktlista kan du setje opp slik:

Skal du få godkjent utdanninga, må du ha stått til eksamen i

  • norsk som andrespråk
  • engelsk for nordmenn og svenskar
  • matematikk

I eksempla over er kvart punkt eit framhald av innleiingssetninga. Derfor er det liten forbokstav i punkta, ikkje kolon etter innleiingssetninga og ikkje noko teikn sist i kvart punkt.

Lengre punkt

Døme:
Når du tek eksamen, kan du ikkje bruke hjelpemiddel, snakke med andre eksamenskandidatar eller forlate eksamenslokalet åleine.

Vi kan skrive det same som punktoppstilling:

Når du tek eksamen, kan du ikkje

  • bruke hjelpemiddel
  • snakke med andre eksamenskandidatar
  • forlate eksamenslokalet åleine

Som i den første punktoppstillinga er kvart punkt eit direkte framhald av setninga over punktoppstillinga. Derfor skal det ikkje vere komma mellom punkta eller punktum til slutt.

Leddsetningar

Sensor må hugse på

  • at eksamenstida no er redusert frå åtte til fem timar
  • at oppgåvene i år er meir krevjande enn tidlegare
  • at examen philosophicum ikkje lenger er obligatorisk

Vi kan òg la at stå til slutt i innleiingssetninga, men slik det er sett opp her, blir framstillinga meir oversiktleg.

Fullstendige setningar

Før eksamen er det mykje praktisk som må ordnast:

  • Dei fagansvarlege har ansvar for å lage eksamensoppgåvene.
  • Instituttadministrasjonen skal syte for å skaffe eksamensvakter.
  • Nettredaktøren skal leggje ut informasjon om når og kvar det skal vere eksamen.

Her er punkta heile setningar. Derfor skal det vere stor forbokstav i det første ordet og punktum sist i kvart punkt.

Fleire nivå

Lister med fleire nivå må ha ein klar struktur.

Sensor skal leggje vekt på

  • kva arbeid studenten faktisk har utført
  • korleis studenten har nærma seg stoffet
  • kva metode studenten har brukt, til dømes
    • intervju
    • spørjeundersøking
Parallell oppføring

Punktoppstillingane blir meir oversiktlege når det er same form og struktur i alle punkta, til dømes substantivuttrykk, at-setningar eller fulle setningar. Dette kallar vi språkleg parallellitet. Det bør òg vere parallellitet mellom punkta når det gjeld innhald. Emnet i eitt punkt må henge saman med emnet i dei andre og vere på same logiske nivå.

Det neste dømet har ei uheldig form, for det manglar språkleg parallellitet. Det første punktet tek til med ein subjunksjon, det andre med eit spørjeord og det siste med ein substantivfrase:

Sensor skal leggje vekt på

  • at studenten faktisk har utført arbeidet
  • korleis har studenten nærma seg stoffet
  • metode

Det blir betre om vi til dømes set opp lista med berre spørjeord:

Sensor skal leggje vekt på

  • kva arbeid studenten faktisk har utført
  • korleis studenten har nærma seg stoffet
  • kva metode studenten har brukt
Kolon

Det skal ikkje vere kolon før ei punktliste dersom punkta er eit naturleg framhald av innleiinga. Bruk kolon berre dersom det òg ville ha vore kolon i ei vanleg oppramsing utan punktliste.

Sjå døma nedanfor.

1
Her skal du føre

  • nettoinntekt ved utleige av bustad
  • nettoinntekt ved utleige av tomt

2
Du skal føre opp desse inntektene:

  • nettoinntekt ved utleige av bustad
  • nettoinntekt ved utleige av tomt

3
Når du fyller ut skattemeldinga (før: sjølvmeldinga), må du hugse på dette:

  • Du skal føre opp nettoinntekt ved utleige av bustad.
  • Du skal føre opp nettoinntekt ved utleige av tomt.

Det går fram av døma at det skal vere punktum til slutt berre etter heile setningar.

Forbokstav

Forbokstaven i punkta skal vere stor berre dersom punkta inneheld ei heil setning (eller fleire).

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:06.04.2009 | Oppdatert:13.04.2023