Hermeteikn blir brukte føre og etter ordrette sitat:
Tittelen på artikkelen er «Fornavn i Norge gjennom 1000 år».
Hermeteikn blir brukte ved attgjeving av direkte tale og direkte tanke:
Faren spurde: «Kva kosta drosjeturen?» «Galnare kan det ikkje bli!» tenkte ho.
Hermeteikn kan brukast kring namn på sjølvstendige kunstverk som bøker, filmar, musikkstykke, plater osv. og kring namn på båtar, bygningar o.l.:
Hamsuns «Segelfoss by» Ho spela Agnes i «Brand». premieren på «Istid 3» Vi gjekk om bord i «Richard With» i Kristiansund. kryssaren «Murmansk»
Her bruker ein hermeteikn særleg for å gjere meininga tydelegare, t.d. ved lange titlar eller ved sekundær bruk av namn for å unngå forveksling.
Boktitlar markerer ein vanlegvis anten med hermeteikn rundt («Halvbroren») eller med kursiv (Halvbroren). Kortare tekster (artiklar, noveller, songar, dikt o.l.) står gjerne i hermeteikn («Til min Gyldenlak» av Wergeland). Namn på aviser og blad treng vanlegvis ikkje anna markering enn den store forbokstaven.
Hermeteikn kan brukast kring ord og uttrykk som er utanom det vanlege, som vi ikkje går god for sjølve, eller som vi bruker med atterhald eller ironisk:
Dette er «gefundenes fressen» for avisene. Dette var «øye» godt! Her har du «rydda» fint, ser det ut til.
Sitat inni eit sitat er det vanleg å markere med enkle hermeteikn:
Ho spurde: «Kven har sagt ’Terningen er kasta’?»
Hermeteikn kan brukast kring ord som står som språklege døme:
«Skrive» er eit sterkt verb.
Dersom vi i staden kursiverer ordet, kan hermeteikn brukast om tydinga:
verbet risse «skrive»
I meir fagleg samanheng bruker ein enkle hermeteikn for tydinga:
verbet risse ’skrive’
|