Kor gamle er stadnamna?

Oftast er det problematisk å fastsetje alderen på stadnamn. Rett nok kan namnegranskarane ved å kombinere språklege, historiske, arkeologiske og andre data i mange høve kome fram til ei datering innan visse periodar, men som regel må dei uttrykkje seg med stor varsemd.

Vi kan gå ut frå at det har vore laga stadnamn så lenge det har budd menneske i landet. Men det vil ikkje seie at dei eldste stadnamna går attende til steinalderen. Så langt tilbake har vi ikkje nokon kunnskap om språktilhøva. Det ville heller ikkje vere lett å tradere stadnamna gjennom lengre tidsrom i dei små og ustabile samfunna i førhistorisk tid.

Over 2000 år

Det er vanleg å rekne med at dei eldste noverande stadnamna går attende til tida ikring Kr.f. eller hundreåra før. Somme granskarar meiner vi har stadnamn som kan førast attende til bronsealderen. Til dei eldste namna reknar vi ein del usamansette naturnamn, ofte laga ved avleiing, t.d. elvenamn som Vefsna og Orkla, øynamn som Træna og Bømlo, fjordnamn som Vanylven og Sogn (no distriktsnamn). Mange gardsnamn av opphavlege naturnamn kan og ha høg alder, både lett gjennomskodelege namn som Berger, Dale, Vik, og uklare namn som Madla, Sola og Tasta ved Stavanger.

Gardsnamn

Mange andre gardsnamn har og høg alder og kan rekkjast attende til ei tid før garden som institusjon vart til. Av dei ikring 1000 norske gardsnamna på vin 'naturleg eng', t.d. Bryn (av Brú-vin), Grini (av Gran-vin), Ven, Vinje går nokså mange ned mot dei første hundreåra e.Kr. Det same gjeld dei om lag 1000 heim-namna, t.d. Bærum (av Berg-(h)eimr), Seim, Sem (av Sæ-(h)eimr 'sjø-'), Sør-(h)eim. Til noko yngre periodar høyrer dei 2000 namna på land og dei 2500 namna på stad (gno. staðir). Frå før år 1000 reknar ein og dei aller fleste av dei 1100 gamle namna på , by og dei 900 på set. Desse namneledda, særleg land og stad, er i vårt hundreår ofte tekne oppatt i namn på bustader, gardsbruk o.a.

Det er såleis ein stor del av namneskatten vår som er blitt til i hundreåra før kristendommen blei innført. Andre store grupper er blitt til i vikingtida og mellomalderen. Frå mellomalderen skriv mange av namna på rud, rød seg, som er den mest talrike namneklassen blant gardsnamna. Fleirtalet av dei stadnamna vi har i dag, medrekna alle «smånamn», kan vi likevel rekne med har oppstått i tida etter 1500. Det gjeld nok storparten av dei mange meir lokale namna som er knytte til næringsutnytting i innmark og utmark. Til den aller yngste gruppa høyrer dei mange namna som blir gjevne i våre dagar, t.d. namn på gater og vegar og ulike slags anlegg og verksemder. 

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:22.06.2011 | Oppdatert:14.01.2021