Vegvisar for språkval i universitets- og høgskulesektoren

Universiteta og høgskulane skal vere internasjonale. Samtidig skal dei vere forankra i norsk samfunnsliv, og universitets- og høgskulesektoren (UH-sektoren) har eit lovpålagt ansvar for å halde ved like og vidareutvikle norsk fagspråk. Dette kan skape språklege dilemma.

Dette dokumentet, som består av ti punkt, inneheld konkrete råd om korleis universitet og høgskular kan balansere mellom engelsk og norsk språk for å sikre god kvalitet i undervising, forsking, formidling og administrative tenester og råd om tiltak som universitet og høgskular kan setje i verk for å ta vare på norsk fagspråk.

Desse tilrådingane byggjer i hovudsak på rapportane i litteraturlista til høgre. Tilrådingane i teksten må tilpassast dei enkelte institusjonane.

1 Språkpolitiske retningslinjer

Formål: sikre gode og systematiske språkval på institusjonane i UH-sektoren

Institusjonane bør utforme språkpolitiske retningslinjer med prinsipp for språkval på alle nivå. Desse retningslinjene bør forankrast i strategien til institusjonen.

For å skape medvit om godt språk og gode språkval bør institusjonane trekkje inn både tilsette og studentar når dei språkpolitiske retningslinjene skal utformast.

Det bør lagast ein handlingsplan, t.d. på fakultetsnivå eller instituttnivå, som sikrar at dei språkpolitiske retningslinjene blir tekne i bruk.

Det er viktig at ansvaret for oppfølginga av retningslinjene og handlingsplanen blir plassert i ein språkpolitisk komité, eit utval eller ei avdeling i organisasjonen.

Tips:

Universitets- og høgskulerådet (UHR) vedtok ei språkpolitisk plattform i 2007. Ho er blitt brukt i arbeidet med språkpolitiske retningslinjer ved fleire institusjonar.

Les meir:

2 Undervisingsspråk

Formål: sikre at studentar meistrar norsk og engelsk fagspråk etter fullført utdanning

Studentane bør møte både norsk og engelsk (ev. andre framandspråk) i undervisinga.

På bachelornivå bør hovudvekta av pensum og undervising vere på norsk dersom ikkje faget er eit framandspråk. Dersom ein av faglege grunnar vel ei engelskspråkleg lærebok i studiet, bør ho supplerast med støttemateriale på norsk (sjå punkt 3).

På master- og ph.d.-nivå bør det vere rom for både norsk og engelsk i pensum og undervising, slik at kandidaten blir sett i stand til å kommunisere på både norsk og engelsk fagspråk i det framtidige arbeidet sitt.

Undervisingsspråket i eit studieprogram kan variere, men institusjonen bør setje opp mål for kva for språkleg dugleik studentane bør ha når dei er ferdige med utdanninga. Desse måla bør stå i studieprogrammet og i læringsutbytteomtalen for dei enkelte emna.

Institusjonane bør tilby enkeltemne på engelsk med tanke på bachelor- og masterstudentar som er i Noreg eitt semester eller lenger. Internasjonale ph.d.-stipendiatar med lengre opphald i landet bør få tilbod om opplæring i norsk.

Dersom institusjonane tilbyr videoopptak som ein del av undervisinga, bør dei vurdere teksting av innhaldet på norsk og engelsk.

Det er heilt avgjerande for kvaliteten og læringsutbyttet at både den som underviser og dei som blir underviste, meistrar undervisingsspråket (sjå punkt 4 og punkt 5).

Tips:

Dersom det manglar ei norskspråkleg pensumbok, kan ein søkje lærebokordninga om støtte til utgjeving. Lærebokordninga ligg under HK-dir og fordeler midlar til utgjeving av lærebøker som det er fagleg behov for i norsk høgare utdanning, men avgrensa kommersielt grunnlag for (utgjevingsstøtte til forlag). Les meir på nettsidene til HK-dir.

Les meir:

3 Termlister og anna støttemateriell

Formål: sikre at studentar og vitskapleg tilsette lærer seg norsk og engelsk fagspråk

Engelskspråklege lærebøker bør supplerast med materiale på norsk. Til dømes kan det lagast norske støtteark til forelesinga dersom pensumlitteraturen er på engelsk (ev. anna framandspråk).

Det bør lagast tospråklege termlister for dei ulike faga/emna.

Slike lister fungerer som tospråklege ordbøker for studentar. Samtidig sikrar dei at den norske terminologien blir presis og einskapleg.

Tips:

I 2013 gjennomførte fagfolk i kjemi ved UiO og UiB eit termprosjekt som munna ut i praktiske tilrådingar for fagfolk som ønskjer å lage tospråklege termlister på andre fagområde. Språkrådet var koordinator i dette arbeidet. Sidan då har fagfolk utarbeidd termlister i mellom anna astronomi, lingvistikk, kjønnsforsking, klima, celle- og molekylærbiologi, matematikk og bibliotekfag. Slike lister kan utarbeidast lokalt ved institusjonen eller samordnast på nasjonalt nivå. Lokale lister bør gjerast allment tilgjengelege. Ved NHH er det m.a. utarbeidd ei eiga termliste for studentar i faget organisasjonsteori.
I Sverige er det utarbeidd ei generell, akademisk ordliste mellom engelsk og svensk. Ho skal hjelpe studentar som støyter på vanskelege akademiske ord som dei ikkje finn i fagspesifikke termlister.

Les meir:

4 Heving av tospråkleg kompetanse blant studentane

Formål: sikre at studentane utviklar tospråkleg dugleik i faget i tråd med læringsutbytteomtalen for programmet/faget (jf. punkt 2)

Institusjonane bør til dømes tilby kurs i akademisk skriving og lesing, fagspesifikk skriving, trening i presentasjonsteknikk – både på norsk og på engelsk (ev. anna framandspråk).

Dugleiken til studentane i lesing, skriving, lytting og tale bør vurderast, og den fagansvarlege bør avgjere kva for dugleik studentane bør ha på dei ulike språka.

Fagspesifikke språkkurs bør integrerast i undervisinga av faget.

Tips:

Fleire institusjonar tilbyr opplæring i generell akademisk skriving, t.d. NMBU og UiS.
Ved UiB får studentane i psykologi tilbod om eit eige kurs i akademisk og fagspesifikk skriving for psykologifaget. Det er eit nettbasert opplegg i fem modular.
Fleire institusjonar, t.d. NHH, UiO og UiS, tilbyr norskkurs for internasjonale studentar, t.d. gjennom ERASMUS+-programmet.

Les meir:

5 Heving av tospråkleg kompetanse blant dei vitskapleg tilsette

Formål: sikre at vitskapleg tilsette kan undervise på både norsk og engelsk

Alle vitskapleg tilsette bør vere i stand til å lese faglitteratur, undervise, rettleie, eksaminere og utføre administrative oppgåver på norsk og engelsk.

Behova til dei vitskapleg tilsette for kompetanseheving i norsk og engelsk bør kartleggjast, slik at dei kan få tilbod om eigna språkkurs og pedagogisk trening som sikrar god kvalitet i undervisinga.

Internasjonalt rekrutterte tilsette som ikkje meistrar norsk frå før, bør få tilbod om eigne kurs i arbeidstida. Det kan t.d. stillast krav om at dei bør meistre norsk på eit visst nivå (t.d. B2 i felles europeisk rammeverk for språk) innan ein viss periode (t.d. tre år etter tilsetting), slik at dei som eit minimum kan lese norsk tekst og forstå norsk tale. Med ein slik kompetanse vil dei kunne delta på norskspråklege møte og handtere spørsmål på norsk frå studentane, men eventuelt sjølv bruke engelsk munnleg.

Behov for heving av tospråkleg kompetanse bør vere eit fast punkt i medarbeidarsamtalen.

Tips:

Fleire institusjonar tilbyr kurs i norsk språk og kultur, t.d. UiO, som har kurs på tre nivå.
Ved NHH må fast tilsette som ikkje meistrar norsk eller eit anna skandinavisk språk, tileigne seg norskkunnskapar tilsvarande nivå B1 innan tre år etter at dei er tilsette.
Ved Helsingfors universitet blir språk- og kommunikasjonsdugleiken til dei tilsette teken opp i medarbeidarsamtalen og i kompetansekartlegginga.

Les meir:

6 Språk i forsking

Formål: sikre at norsk fagspråk i forskingssamanheng blir vidareutvikla

Internasjonalt forskingsspråk er som regel engelsk. Forskingsartiklar og -monografiar på engelsk eller anna framandspråk bør ha eit norsk samandrag, og tilsvarande norske tekstar bør ha eit samandrag på engelsk. Det skal alltid registrerast norske emneord og samandrag i Cristin.

Institusjonane må leggje til rette for at vitskapleg tilsette kan publisere forskingsartiklar på norsk gjennom t.d. open tilgang-tidsskrift.

7 Språk i formidling

Formål: sikre at forskingsresultat blir formidla på godt norsk for å tryggje samfunnsoppdraga til institusjonane på området

Formidling til allmenta skjer oftast på norsk. Forskarar og studentar frå masternivå og oppover bør få tilbod om kurs i slik formidling og bli oppmuntra til å skrive artiklar for Store norske leksikon og forskning.no, kronikkar i aviser og fagbøker osb.

Fagformidling er med på å vidareutvikle norsk fagspråk. Det same gjer deltaking i ekspertutval som leverer offentlege utgreiingar og liknande dokument.

Internasjonale vitskapleg tilsette bør få tilbod om hjelp til omsetting eller anna språkhjelp for å kunne formidle forskingsresultat på norsk.

Institutt for biovitskap ved UiO tilbyr eit emne på 10 studiepoeng i formidling og vitskapsjournalistikk for naturfagstudentar. Kommunikasjonsavdelinga ved fleire universitet og høgskular tilbyr eigne kurs for forskarar i mediekontakt og formidling.

8 Administrasjonsspråk

Formål: sikre at administrasjonsspråket som hovudregel er norsk

Mange administrativt tilsette treng å meistre både norsk og engelsk, og dei bør få tilbod om kurs. Det er viktig å ha felles retningslinjer for val av språk i e-postar, kunngjeringar, møtedokument, nettsidetekstar og i annan administrativ informasjon.

Faste tekstar og tekstar som gjeld heile institusjonen, bør vere tilgjengelege på både norsk og engelsk. Nettsider med informasjon som er viktig for tilsette, bør finnast i både norsk og engelsk versjon.

Viktige e-postar til mange mottakarar kan ha eit kort resymé på engelsk, ev. på norsk (avhengig av originalspråket).

UHRs tospråklege termbase med studieadministrativ terminologi bør gjerast lett tilgjengeleg på nettsidene til institusjonen.

Tips:

Ved UiO blir særleg viktige e-postar til tilsette og studentar sende på både norsk (begge målformer til studentar) og engelsk.

Les meir:

9 Språk i møte og sosiale arrangement

Formål: sikre at internasjonale studentar og vitskapleg tilsette blir integrerte og får høve til å praktisere norsk

Institusjonen bør lage felles køyrereglar for språk i møte og sosiale arrangement.

I somme samanhengar kan det vere formålstenleg å bruke to språk samtidig i møte. Internasjonalt tilsette som framleis er i gang med å lære seg norsk, kan snakke engelsk, men lytte til norskspråklege som bruker norsk i møtet.

Hugs at møte og sosiale arrangement høver godt til å praktisere språkkunnskapane!

Tips:

Kvar fredag organiserer Institutt for miljø- og byggteknikk ved NTNU språkkafé der tilsette og ph.d.-stipendiatar kan hygge seg og snakke norsk. Her serverer dei bollar og held kahootar på norsk.

Les meir:

10 Koordinering av språktenester

Formål: sikre effektiv koordinering av språktenester ved institusjonane

Institusjonen bør vurdere å opprette ei språkeining eller liknande som kan utvikle og koordinere språkkurs, omsettings- og språkvasktenester.

Ressursane kan utnyttast endå betre dersom to eller fleire institusjonar samarbeider om ei slik eining, t.d. på regionalt nivå.

Mange av forslaga i dette dokumentet kan styrast frå ei slik eining.

Tips:

UiA PULS – Pedagogisk utviklings- og læringssenter tilbyr omsetting og språkvask for administrasjonen på universitetet og hjelp med språkvask av tekstar som er skrivne av vitskapleg tilsette og ph.d.-kandidatar. UiA PULS tilbyr også språkkurs og språkkonsultasjonar.
Københavns universitet har eit eige forskingsbasert senter som m.a. tilbyr kurs i engelsk og dansk. Forskingssenteret tilbyr også behovsundersøkingar og testing av språkkompetanse.

Les meir:

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:14.03.2018 | Oppdatert:30.05.2023