Undersøking om språk i lover og forskrifter 2011

Korleis ser befolkninga på språket i lover og forskrifter? Dette er temaet for ei spørjeundersøking som prosjektet «Klart lovspråk» fekk gjennomført i desember 2011.

Nokre resultat frå undersøkinga:

  • 54 prosent av dei spurde har det siste året lese ei lov eller forskrift. Om lag like mange har lese lover og forskrifter i privat samanheng som i arbeidssamanheng.
  • Av dei som har lese ei lov eller forskrift det siste året, meiner eit klart fleirtal at det er viktig at lover og forskrifter er lette å forstå, og at alle innbyggjarar burde forstå lover og forskrifter som gjeld dei.
  • 39 prosent synest det er lett å forstå innhaldet i den lova eller forskrifta dei har lese, medan 38 prosent synest det er vanskeleg. Tendensen er at jo høgare utdanning ein har, jo meir sannsynleg er det at ein synest det er lett å forstå innhaldet.
  • Når det gjeld spørsmålet om språket i lover og forskrifter er klart og tydeleg, er meiningane delte.
  • På spørsmålet om kva som var vanskelegast å forstå i lova eller forskrifta dei har lese, svarar 36 prosent «vanskelege ord og uttrykk», 32 prosent «vanskelege setningar», 29 prosent «vanskeleg å finne fram i tekstinnhald» og 3 prosent «veit ikkje».
  • Av dei som ikkje har lese ei lov eller forskrift det siste året, meiner eit fleirtal at det er viktig at lover og forskrifter er lette å forstå.

Resultata frå undersøkinga:

Hovudrapport (pdf)
Delrapport 1 (pdf)
Delrapport 2 (pdf)
Delrapport 3 (pdf)
Delrapport 4 (pdf)

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter