Slik lagar du ei fagordliste

Med ei fagordliste kan både sjukehus og pasientar spare tid og unngå feil. Her er ei velprøvd oppskrift på korleis du lagar gode fagordlister.

1 Førebu deg

2 Opprett ei arbeidsgruppe

Gruppa kan ha fem til åtte medlemer med kompetanse om og eigarskap til stoffet.

3 Utform eit mandat

Mandatet bør

  • fastsetje formål og målgruppe
  • avgrense fagområdet
  • fastsetje om fagordlista skal vere tospråkleg (t.d. engelsknorsk) eller eittspråkleg (på begge målformer)

4 Plukk ut 20–35 fagord

Fagorda kan hentast frå ein utvald tekst, t.d. ein rapport, artikkel, ein ei forskrift, ei handbok eller lærebok eller eit anna sentralt fagdokument.

Den som skal plukke ut orda og koordinere arbeidet, bør

  • registrere fagorda i kolonnar i eit arbeidsdokument (bruk gjerne denne malen)
  • lage eigne kolonnar for kvart språk eller målform
  • foreslå kandidatar til norske fagord, om det ikkje finst norske fagord frå før
  • leggje til tilhøyrande fagord (overordna, underordna og sideordna fagord, sjå innføringsheftet Termlosen)
  • registrere to til fire definisjonar frå kvalitetssikra kjelder (fagordlister, ordbøker, Store norske leksikon, artiklar, lærebøker osb.)

5 Diskuter og fastset fagord og definisjonar

Gå gjennom arbeidsdokumentet, diskuter og fastset eitt tilrådd fagord for kvart språk og målform.

Det tilrådde fagordet bør vere treffande,  sjølvforklarande og i bruk i fagmiljøet.

Om fleire fagord enn det tilrådde er i bruk, kan dei få status som synonym.

Fastset deretter ein kort og presis definisjon som byggjer på prinsippa i Termlosen. Sjå òg Statsspråk 2/2012, temanummer om terminologi.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter