S-genitiv
S-genitiv har alltid vore i bruk i nynorsk, men i mindre omfang enn i bokmål. Her finn du råd om korleis du kan bruka denne forma.
Når kan vi bruka s-genitiv på nynorsk?
Ved særnamn er s-genitiv vanleg:
Noregs land, Noregs Bank, Vinjes skrifter, Ibsens skodespel
Likevel er preposisjonsuttrykk ofte best, som i skodespela til Ibsen. Like eins: Oslos beste restaurant > den beste restauranten i Oslo.
Ved samnamn i ubunden form eintal og fleirtal er det òg vanleg å nytte s-genitiv: lang dags ferd mot natt, i manns minne
I uttrykk for tid og mål: eit års arbeid, tre kilometers veg, ei vekes tid
I namn på offentlege institusjonar er s-genitiven komen i bruk ved hankjønns- og inkjekjønnsord i bunden form eintal:
Statens vegvesen
Statsministerens kontor
Forsvarets forskingsinstitutt
Stortingets ombodsmann for forvaltninga
I staden for s-genitiv: skriv om!
Vi bruker ikkje så ofte genitiv når vi snakkar. I staden for å tenkja kva du ville ha skrive (på bokmål), kan det vera lurt å tenkja på kva du ville ha sagt.
Då er det ofte vanleg å skriva om ved hjelp av
- preposisjonar
- samansette ord
- sin, si, sitt, sine
- leddsetningar
a) Omskriving med preposisjonar
bokmål | nynorsk |
---|---|
bygdas folk |
folket i bygda |
rådmannens innstilling |
innstillinga frå rådmannen (betre enn innstillinga til rådmannen, som kan mistydast) |
kommunens vedtak |
vedtaket i/til kommunen |
barnehagens størrelse |
storleiken på/til barnehagen |
ungdommenes alder |
alderen på ungdommane |
skolens nettside |
nettsida til skulen/skolen |
Spanias hovedstad |
hovudstaden i Spania |
b) Omskriving med samansette ord
bokmål | nynorsk |
---|---|
bygdas folk |
bygdefolket |
Stortingets vedtak |
stortingsvedtaket |
FNs erklæring om menneskerettighetene |
FN-fråsegna om menneskerettane |
skolens bibliotek |
skulebiblioteket |
c) Omskriving med sin, si, sitt og sine
Der det er tale om eigedomstilhøve, kan du gjerne bruka omskriving med sin, si, sitt og sine. Konstruksjonar med sin er særleg utbreidde i talemålet langs kysten, men er også vanlege i skriftspråket:
bokmål | nynorsk |
---|---|
bondens traktor |
bonden sin traktor |
naboens hytte |
naboen si hytte |
Elis hus |
Eli sitt hus |
Øysteins sykkel |
Øystein sin sykkel |
ordførerens forslag |
ordføraren sitt framlegg |
skolens penger |
skulen sine pengar |
I samanhengar der eigedomstilhøvet ikkje er like tydeleg, bør du vurdera andre løysingar:
bokmål | nynorsk |
---|---|
russestyrets leder |
leiaren for/i russestyret |
bygningenes vaskeareal |
vaskearealet i bygningane |
d) Omskriving med leddsetning
bokmål | nynorsk |
---|---|
Utvalgets oppgave består i å |
Oppgåva (som) utvalet har fått, går ut på å / Utvalet har fått i oppgåve å |
en skisse som viser etatens oppbygning |
ei skisse som viser korleis etaten er oppbygd |
Det er gitt ulike signaler om kontorets framtidige plassering |
Det er gjeve ulike signal om kvar kontoret skal plasserast/vera/liggja |
De diskuterte … | Dei diskuterte … |
---|---|
… beløpets størrelse |
… kor stort beløpet er / var / skulle vera |
... etatens oppbygning |
… korleis etaten er oppbygd |
… kontorets framtidige plassering |
… kvar kontoret skal plasserast/vera/liggja |
… bilens tilstand |
… den tilstanden bilen var i |