Skal du modellere omgrep?
Offentleg sektor er i gang med å modellere og strukturere omgrep for m.a. elektronisk informasjonsforvaltning og tilgjengeleggjering av datasett. Her finn du nyttige ressursar som kan brukast i dette arbeidet.
Vil du lære meir om omgrepsarbeid?
Innføringsheftet Termlosen gjev ei kort innføring i omgrepsarbeid. Du kan også kontakte Språkrådet om organisasjonen din ønskjer eit tilpassa kurs. Skriv til term@sprakradet.no.
Det danske heftet Begrepsarbejde i Kriminalforsorgen gjev ei god innføring i omgrepsarbeid med tanke på modellering og utvikling av konseptuelle datamodellar.
Digitaliseringsdirektoratets rettleiar for orden i eige hus gjev råd om korleis du kan organisere arbeidet i organisasjonen din. Du kan også lese om korleis fagfolk lagar termlister på våre nettsider.
Treng du hjelp frå standardar?
Digitaliseringsdirektoratet har utarbeidd fleire forvaltningsstandarder som gjeld omgrepsanalyse og definisjonsarbeid, m.a.:
- Forvaltningstandard for omgrepsbeskrivingar (2022)
- Forvaltningsstandard for omgrepsharmonisering og omgrepsdifferensiering (2020)
Du finn dei i Digitaliseringsdirektoratets referansekatalog.
Det finst ei rekkje ISO-standardar som er nyttige for verksemder som driv med omgrepsmodellering.
Du finn oversikt og omtale av dei mest relevante ISO-standardane her.
Treng du å registrere og publisere terminologi?
Digitaliseringsdirektoratet forvaltar og vidareutviklar Felles omgrepskatalog, der fleire offentlege verksemder har gjort terminologien sin tilgjengeleg.
Dersom verksemda di ikkje har ein eigen termbank/omgrepskatalog, kan du nytte registreringsløysinga i katalogen.
Kontakt Digitaliseringsdirektoratet for å få meir informasjon: fellesdatakatalog@digdir.no.
Vil du vere oppdatert på omgrepsarbeid i informasjonsforvaltning?
Fagleg arena for informasjonsforvaltning er eit nettverk der deltakarane deler erfaringar frå arbeidet med informasjonsforvaltning i ein serie med seks seminar i året. Fleire av seminara dreier seg om omgrep og omgrepsarbeid. Presentasjonar og videoopptak frå tidlegare møte er lagde ut på nettstaden til nettverket.